Nyheit

Endringar i arbeidsmiljøforskrifta fra 1.januar 2018

Arbeidstilsynet.jpg

 

Dette står å lese på arbeidstilsynet sine sider:

logo_colored.png

 

Endringer i arbeidsmiljøforskriftene fra 1. januar

 

Arbeids- og sosialdepartementet har fastsatt endringer i arbeidsmiljøforskriftene. Endringene gjelder fra 1. januar 2018.

Les mer

 

Nytt utseende på HMS-kort og ny bestillingsløsning

 

HMS-kortene for renhold og bygg og anlegg får nytt utseende fra januar 2018. Det er ingen endringer i kravene til HMS-kort. Eksisterende HMS-kort er gyldige frem til utløpsdato. En ny og enklere bestillingsløsning er også snart klar.

Les mer

 

Minstelønn i utelivsbransjen

 

Fra 1. januar 2018 er det minstelønn for alle ansatte i overnatting, servering og catering. - Et viktig løft for bransjen, sier direktør Trude Vollheim i Arbeidstilsynet.

Les mer

 

 

 

 

 



 

Julehelsing frå Bedriftshelse1

Bedriftshelse1_godjul.jpg

2017 har vore eit omstillingsår for Bedriftshelse1. Vi moderniserer verksemda vår og vi tilpassar oss kundane sine behov. Frå 1.1. 2018 er vi omorganisert slik at vi skal kunne levere dei beste tenestene ut mot deg som kunde. Vi får då regionleiarar og områdeleiarar som skal følgje opp kundar, og vi har fått på plass betre verktøy å jobba med.

Gjennom den nye dinHMS-gruppen har vi fått eit nettverk over heile landet og kan levere tenester med lokal forankring på kvar einaste lokasjon vi er. Gjennom dinHMS har vi fagsamlingar for alle tilsette, slik at vi kan levere like tenester over heile landet og vi får eit større fagnettverk våre tilsette kan dra nytta av.

Nytt HMS-system

Frå 1.januar 2018 kan vi tilby våre kundar det nye HMS-systemet, Kuba. Vi har sett ein låg pris på systemet, slik at det skal vere muleg for alle å skaffe det. Det er eit enkelt, men innhaldsrikt HMS-system. Ta kontakt med oss for meir informasjon!

Er du leiar og treng støtte?

Vi i Bedriftshelse1 og dinHMS-gruppen skal ha den beste fagkompetansen på førebyggjande helse i di verksemd framover. I haust har vi sertifisert fleire nye medarbeidarar innanfor Situasjonsbestemt leiing. Vi opplever eit stort behov ute i verksemdene, og kan framover tilby tenester der du og leiarane i verksemda di kan få god støtte i ein hektisk og vanskeleg kvardag. 

Les elles meir om tenestene våre her og finn gjerne kontaktinformasjon til våre tilsette i alle regionar

Kurs

Ikkje gløym at vi kan spesialtilpasse kurs etter dine ynskjer innanfor våre fagområde. Det er berre å ta kontakt med oss. All informasjon om kurs som vi held framover finn du på våre kurssider.

Vi i Bedriftshelse1 ynskjer deg med dette ei GOD JUL og EIT GODT NYTT ÅR.

Vennleg helsing

Randi Marie Sjøholt

Adm.dir
Bedriftshelse1

 

 

Bedriftshelse1 har inngått avtale med Nordvestklinikk AS i Ulsteinvik.

Nordvestklinikk har legetenester retta mot offshore og sjøfart og kan levere ulike typar attestar.

Samarbeidsavtalen gjer at Bedriftshelse1 og Nordvestklinikk kan tilby kundar i regionen tilpassa bedriftshelsetenester.

Bedriftshelseteneste.jpg

Mimmi Kvalsund Ulstein (t.v.) er dagleg leiar i Nordvestklinikken. Grete Lund er sjukepleiar/verneingeniør i Bedriftshelse 1 og jobbar mykje med førebyggjande     HMS-arbeid.

Det nærmar seg ny radon årstid. Bedriftshelse1 tilbyr assistanse ved måling.

Det er viktig å få kartlagt radonnivået innandørs. Ein nyttar langtidsmåling då radonnivået varierar mykje over tid (timar og dagar). Variasjonane kan skuldast endringar i klimatiske parametre som  temperatur, lufttrykk, vindstyrke og retning etc. Det er viktig å måle gjennomsnitt radonnivå over lang tid fordi det er denne gjennomsnittsverdien som kan relaterast til helserisiko (lungekreft). Det er vanleg å bruke sporfilm til langtidsmåling over minimum 2 månader. Radonmåling bør helst utførast i vinterhalvåret, frå oktober til april, eventuelt over eit halvt år frå midten av sommaren til midten av vinteren (eller omvendt).

Bedriftshelse1 kan tilby assistanse ved måling.  Vi har også eigne elektroniske måleapparat som loggar tidsintervall ,og vi kan føreslå tiltak.

Les meir om Radon og kreft på kreftforeningen sine sider:

https://kreftforeningen.no/forebygging/andre-mulige-risikofaktorer/radon-og-kreft/

sporfilm.-foto-stralevernet.jpg

Bedriftshelse1 har kjøpt opp dinHMS og dannar dinHMS-gruppen saman med partnarar

Bedriftshelse1, Medco, Arsana og Follo bedriftshelseteneste har kjøpt opp dinHMS og dannar nettverket dinHMS-gruppen.

Bedriftshelse1 kan i dag kunngjere at vi saman med våre gode samarbeidspartar gjennom mange år   – Arsana i Bergen, Medco i Stavanger og Follo BHT i Østfold, har kjøpt opp den landsdekkande bedriftshelsetenesta dinHMS.

dinHMS har hovudkontor i Oslo og er spesielt sterke innan hotell, restaurant og tenesteytande næringar, men dei har også kundar innan alt frå handverksbransjar til offshorenæringen. Sjå og www.dinhms.no

Vi vil i denne samanheng tre ut av samarbeidet vi i dag har gjennom TRYGG1. Dette vil bli gjennomført i samsvar med gjeldande avtale i TRYGG1 og vi vil levera tenester til eksisterande TRYGG1-kundar i eit år etter oppseiinga som blei gjort før sommaren. Det ligg ingen dramatikk i dette, vi konstaterer at vi var ueinige om den vidare utviklinga av TRYGG1 og deira strategi for vidare forretningsmodell.

Med dette kjøpet av dinHMS styrker Bedriftshelse1 sin posisjon med landsdekkande leveransar. Vi vil og gjennom det nye nettverket fortsette å gi leveransar til våre eksisterande kundar med høg kvalitet også utanfor vår eigen region, som i dag er heile Sogn og Fjordane, Søre- Sunnmøre, Voss og Hardanger.

Bedriftshelse1 og våre samarbeidspartar vil saman med dinHMS ha ei samla omsetning på over hundre millionar kroner og nettverket vil være mellom dei største aktørane i bedriftshelseteneste-bransjen i Norge. Like viktig som omsetning er at vi er godt over hundre kompetente medarbeidarar som er lokalisert der våre kundar faktisk er, og som vil utveksle erfaringar og danne eit fagleg nettverk. Vi er i den nye dinHMS-gruppen godt i gang med å knytte til oss nye samarbeidspartnarar som ytterlegare vil auke vår sterke lokale tilknyting. Dette gjer at det nye samarbeidet i dinHMS-gruppen allereie ved lansering har ei god dekning over heile landet. I tillegg har dinHMS ein modell med omreisande HMS-rådgjevarar på stadar kor vi ikkje har kontor. dinHMS har bl.a. fleire av dei største hotellkjedene som landsdekkande kundar og har hatt det i mange år.

Vi i Bedriftshelse1 er spesielt nøgd med at denne satsinga blir gjort i samarbeid med selskap som vi kjenner godt og som vi veit leverer tenester i tråd med den høge standarden vi krev av oss sjølv. Dette gjev våre kundar ein garanti for at dei vil oppleva same høge tenestekvalitet uansett kor i Noreg dei ynskjer tenestene levert.

Har du spørsmål rundt vårt samarbeid i dinHMS-guppen, ta kontakt med dagleg leiar Randi Marie Sjøholt.

Inkluderande Arbeidsliv. Sjå korleis Ekornes har løyst dette.

IA handlar om køyrereglar, god dialog, og det å snakke om ting før det blir eit problem, seier fabrikksjef Knut Ove Rygg. Bedrifta har over tid vore prega av mykje omstilling. På IA-dagen fortel Knut Ove Rygg om korleis dei jobbar med gode IA-prosessar i denne tida.

Bedriftshelse 1 har bidrege i dette arbeidet og vi kjem også  gjerne til di bedrift .

 Bedriftshelse1 sine fysioterapeutar Kristine Maurset og Malin Renate Seljeset i samtale med Ekornestilsette    Les meir om Ekornes sitt IA-arbeid på idebanken.org

Bedriftshelse1 sine fysioterapeutar Kristine Maurset og Malin Renate Seljeset i samtale med Ekornestilsette

Les meir om Ekornes sitt IA-arbeid på idebanken.org