Bedriftslege - 100% stilling

Bedriftshelse1 er ein lokal leverandør av førebyggande tenester innan helse, miljø og sikkerheit. Vi er offentleg godkjent bedriftshelseteneste med avdelingar i Sogn og Fjordane, Hordaland og Sunnmøre. Hovudkontoret ligg i Sogndal, og vi er 60 medarbeidarar. Vi skal medverke til sunne og trygge arbeidsforhold og skal hindre at arbeidstakarar får sjukdom eller helseskade på grunn av jobben sin. 

Bedriftslege

 Fast arbeidstid * Fri laurdag og søndag * Aktiv fritid

Vi søkjer etter bedriftslege ved vår avdeling i Sogn. Mesteparten av arbeidet vil vere ved vårt kontor i Øvre Årdal og store deler av stillinga er knytt opp mot Hydro Aluminium sitt anlegg og deira underleverandørar. Sjå meir om Hydro Aluminium og Årdal under. Det vil og vere noko arbeid frå vårt hovudkontor i Sogndal.  

Stillinga krev at du har:
Høg arbeidskapasitet, er initiativrik og motivert

Arbeidsoppgåver:
Førebyggjande og helsefremmande arbeidsmiljøoppgåver

  • Målretta helsekontrollar/helseundersøkingar
  • Arbeide med eit bredt spekter av arbeidsmedisinske faktorar, i nær samhandling med kundar, arbeidsgjevar og tilsette.
  • Bevisstgjering og tilrettelegging for å skape eit helsefremjande arbeidsmiljø, både på organisatorisk, gruppe- og individnivå
  • Fagleg oppdatering/vidare- og etterutdanning

Kvalifikasjonar:

  • Norsk autorisasjon som lege, gjerne med erfaring frå bedriftshelseteneste/HMS-arbeid
  • Ønskje med spesialitet i arbeidsmedisin eller anna relevant spesialitet
  • Gode språkkunnskapar i norsk og engelsk, munnleg og skriftleg
  • Gode samarbeid– og kommunikasjonsevne
  • Evne til å jobbe i team, vere engasjert og initiativrik
  • Evne til å knyte gode relasjonar til ulike kundar og arbeidsmiljø

Må ha førarkort og bil til disposisjon, noko reiseaktivitet må påreknast.                       

Vi kan tilby:

  • Utfordrande, spennande og varierte arbeidsoppgåver med høgt fagleg fokus
  • Tverrfagleg, hektisk og godt arbeidsmiljø med tre andre bedriftslegar
  • Gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling og stor fleksibilitet i utforming av arbeidsdagen. Opplæring blir gitt
  • Lønn og andre vilkår etter avtale
  • Fri laurdag og søndag

Søknad med CV, vitnemål og attestar til: Bedriftshelse1, Fossetunet1, 6856 Sogndal eller til post@bedriftshelse1.no.

Spørsmål om stillinga kan rettast til administrerande direktør Randi Marie Sjøholt,  
tlf: 95 23 58 74.

Søknadsfrist: 15.08.2018


Kort om Hydro Alumium Årdal metallverk

 Foto: Hydro.com

Foto: Hydro.com

Bedriftshelse 1 avd. Årdal er lokalisert ved Hydro Aluminium Årdal Metallverk i Årdal Kommune, innerst i Sognefjorden. Her ligg inngangsporten til Vest-Jotunheimen, med tilgang til ville og vakre Utladalen og stortoppane i Hurrungane. Området gir flotte moglegheiter for friluftsaktivitetar både sommar- og vinterstid, og kommunen har svært gode oppvekstvilkår for born og ungdom. Metallverket har omkring 540 fast tilsette, og består av karbonfabrikk som leverar anoder, prebake-celler for produksjon av primæraluminium og to støperi for produksjon av henholdsvis valseblokker og støpelegeringer. I tillegg har Hydro senter for teknologiutvikling både for anodeproduksjon og elektrolyse lokalisert i Årdal.