Ledig stilling som bedriftssjukepleiar Nordfjordeid - vikariat 1 år, inntil 100%

Bedriftshelse1 er ein lokal leverandør av førebyggjande tenester innan helse, miljø og sikkerheit. Vi er ei offentleg godkjend bedriftshelseteneste, med avdelingar i Sogn og Fjordane, Hordaland og Sunnmøre. Hovudkontoret ligg i Sogndal. Du finn meir informasjon på våre nettsider www.bedriftshelse1.no

Vi skal medverke til sunne og trygge arbeidsforhold og skal hindre at arbeidstakarar får sjukdom eller helseskade på grunn av jobben sin.

Bedriftshelse1 har ledig stilling som: 

Bedriftssjukepleiar, Nordfjordeid (vikariat 1 år, inntil 100 % stilling)

Vi har ledig eit års vikariat som bedriftssjukepleiar ved avdelinga vår i Nordfjord, med start frå
ca. 1. oktober 2019.

Stillinga krev:

God arbeidskapasitet og fleksibilitet, og ein må kunne arbeid sjølvstendig og strukturert

Arbeidsoppgåver:

  • Førebyggjande og helsefremjande arbeidsmiljøoppgåver

  • Oppfølging og kontaktansvar mot kundar

  • Undervisning på individ- og gruppenivå

  • Målretta helsekontrollar

  • Arbeidsmiljøkartleggingar og rapportering/journalføring

 
Personlege eigenskapar blir vektlagt:

  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner

  • Evne til å jobbe i team, vere engasjert og initiativrik

  • Evne til å knyte gode relasjonar til kundar, ulike arbeidsmiljø og kollegaer

  • Lyst og evne til å undervise, formidle kunnskap

  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne

 
Må ha:

  • Offentleg godkjenning som sjukepleiar

  • Førarkort for personbil, ein del reiseverksemd må påreknast kvar veke

Vi kan tilby:                                                                                                                                                                          

  • Utfordrande, spennande og varierte arbeidsoppgåver

  • Tverrfagleg, hektisk og godt arbeidsmiljø

  • Gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling

  • Lønn og andre vilkår etter avtale

  • God pensjon og forsikringsordningar

Søknad vedlagt CV sender du til post@bedriftshelse1.no
Spørsmål om stillinga kan rettast til regionleiar Tore Bøe, tlf. 911 65 703.

Søknadsfrist 9. august 2019