Ledig stilling som bedriftssjukepleiar i Odda - 80%

Bedriftshelse1 er ein lokal leverandør av førebyggande tenester innan helse, miljø og sikkerheit. Bedriftshelse1 er offentleg godkjent bedriftshelseteneste med avdelingar i Sogn og Fjordane, Hordaland og Sunnmøre. Vi er 60 medarbeidarar og hovudkontoret ligg i Sogndal.

Vi skal medverke til sunne og trygge arbeidsforhold og skal hindre at arbeidstakarar får sjukdom eller helseskade på grunn av jobben sin.

Vi søkjer etter: 

Sjukepleiar - Odda

Ledig vikariat i 80 % stilling som sjukepleiar snarast, med varigheit til 31.12.2019. Stillinga kan bli omgjort til fast stilling frå januar 2020.

Stillinga er knytt til vårt kontor i Odda under avdeling Voss og Hardanger. Noko arbeid ved kontora på Voss og i Norheimsund må påreknast.

Stillinga krev at du har:
Høg arbeidskapasitet, er initiativrik og motivert.

Arbeidsoppgåver:

  • Førebyggjande og helsefremmande arbeidsmiljøoppgåver

  • Målretta helsekontrollar

  • Undervisning på individ og gruppenivå

  • Individuell tilrettelegging og rådgjeving

  • Oppfølging av sjukmelde og rettleiing i sjukefråværsoppfølging

  • Yrkesvaksinasjon

  • Blodprøvar

     

Kvalifikasjonar:

  • Offentleg godkjend sjukepleiar

  • Gode språkkunnskapar i norsk og engelsk, munnleg og skriftleg

  • Gode samarbeids– og kommunikasjonsevne

  • Evne til å jobbe i team, vere engasjert og initiativrik

  • Evne til å knyte gode relasjonar til ulike kundar og arbeidsmiljø

  • Personlege eigenskapar vert vektlagt

Må ha førarkort og bil til disposisjon, noko reiseaktivitet må påreknast.


Vi kan tilby:

  • Utfordrande, spennande og varierte arbeidsoppgåver med høgt fagleg fokus

  • Tverrfagleg, hektisk og godt arbeidsmiljø

  • Gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling og stor fleksibilitet i utforming av arbeidsdagen

  • Opplæring blir gitt

  • Lønn og andre vilkår etter avtale, fri laurdag og søndag

  • Moglegheit til forlenging av stilling

 
Søknad med CV, vitnemål og attestar Bedriftshelse1, Fossetunet1, 6856 Sogndal eller til post@bedriftshelse1.no.

Spørsmål om stillinga kan rettast til områdeleiar Sigrid Espeland Lerbak tlf. 900 53 602.

Søknadsfrist: 18.11.2018