Ledig stilling som yrkeshygienikar i Norheimsund - 100%

Bedriftshelse1 er ein lokal leverandør av førebyggande tenester innan helse, miljø og sikkerheit. Bedriftshelse1 er offentleg godkjent bedriftshelseteneste med avdelingar i Sogn og Fjordane, Hordaland og Sunnmøre. Vi er 60 medarbeidarar og hovudkontoret ligg i Sogndal.

Vi skal medverke til sunne og trygge arbeidsforhold og skal hindre at arbeidstakarar får sjukdom eller helseskade på grunn av jobben sin.

Bedriftshelse1 har ledig stilling som: 

Yrkeshygienikar, Norheimsund (100 % fast stilling)

Stillinga inngår i våre tverrfaglege avdelingar, og du skal  gje BHT-bistand i samsvar med relevant lov- og regelverk, med fokus på førebyggande HMS-arbeid.


Arbeidsområde:
 
Stillinga er hovudsakleg knytt til kontoret i Norheimsund , men noko bistand i regionen må påreknast.


Arbeidsoppgåver:

  • Kartlegge ulike kjemiske-, fysiske- og biologiske faktorar i arbeidsmiljøet

  • Bistand innan HMS-system og ved ulike risikovurderingar.

  • Undervisning  

  • Rådgjeving i forbindelse med tiltak for å eliminere eller redusere helserisiko

  • Bistå bedrifter ved tilsyn frå Arbeidstilsynet

  • Kontaktperson for våre kundar

Erfaring frå bedriftshelseteneste vil vere ein fordel

 

Personlege eigenskapar blir vektlagt:

  • Interesse og engasjement for fagområda

  • Heilskapsforståing, evne til å jobbe strukturert og systematisk

  • Gode samarbeids – og kommunikasjonsevne

  • Evne til å jobbe sjølvstendig og i team med tverrfaglege oppgåver

  • Evne til å knyte gode relasjonar til ulike kundar og arbeidsmiljø

  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne

  • Er innovativ og nysgjerrig på framtidas arbeidsmiljøutfordringar

 
Må ha: Førarkort og bil til disposisjon, ein del reiseaktivitet må påreknast kvar veke.

Vi kan tilby:                                                                                                                                                                          

  • Utfordrande, spennande og varierte arbeidsoppgåver

  • Tverrfagleg, hektisk og godt arbeidsmiljø

  • Gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling

  • Lønn og andre vilkår etter avtale

  • God pensjon og forsikringsordningar

Kvalifikasjonar:                                                                                                                                                                          

  • Må ha naturvitskapleg bachelor eller master

  • Sertifisert yrkeshygienikar eller vidareutdanning innan yrkeshygiene er ønskeleg.

  • Bør ha minst 3 års relevant arbeidserfaring.

  • Me ser det som ein fordel at du har generell kompetanse innan systematisk HMS-arbeid og erfaring med å jobbe med eit tverrfagleg HMS-fokus.

  • Du må ha førarkort og disponere bil, då delar av arbeidet vil vere ute i bedriftene.


Søknad med CV, vitnemål og attestar sender du til post@bedriftshelse1.no.

Spørsmål om stillingane kan rettast til regionleiar i Voss/Hardanger , Vegard Kolve tlf: 474 68 682 eller administrerande direktør Randi Marie Sjøholt tlf: 952 35 874

Søknadsfrist: 16.juni 2019