Ledige stillingar: bedriftslege

Bedriftshelse1 er ein lokal leverandør av førebyggjande tenester innan helse, miljø og sikkerheit. Vi er ei offentleg godkjend bedriftshelseteneste, med avdelingar i Sogn og Fjordane, Hordaland og Sunnmøre. Hovudkontoret ligg i Sogndal. Du finn meir informasjon på våre nettsider www.bedriftshelse1.no

Vi skal medverke til sunne og trygge arbeidsforhold og skal hindre at arbeidstakarar får sjukdom eller helseskade på grunn av jobben sin.

Bedriftshelse1 har flg. ledige stillingar: 


Fleire ledige stillingar som bedriftslege
(100% fast stilling).

Vi søkjer etter fleire bedriftslegar ved våre avdelingar i Sogn og Fjordane. Aktuelle kontor er Førde, Florø, Nordfjordeid, Stryn, Sogndal og Årdal. Ei av stillingane vil vere knytt 95% til kontoret vårt i Årdal og store deler av stillinga blir nytta opp mot Hydro Aluminium sitt anlegg og deira underleverandørar. Det vil og vere noko arbeid frå vårt hovudkontor i Sogndal. Dei andre stillingane vil vere lokalisert i Sunnfjord eller Nordfjord. Vi er under godkjenning som utdanningsverksemd, LIS.


Stillingane krev at du har:

  • Høg arbeidskapasitet, er initiativrik og motivert

Arbeidsoppgåver:

  • Førebyggjande og helsefremmande arbeidsmiljøoppgåver

  • Målretta helsekontrollar/helseundersøkingar

  • Arbeide med eit bredt spekter av arbeidsmedisinske faktorar, i nær samhandling med kundar, arbeidsgjevar og tilsette.

  • Bevisstgjering og tilrettelegging for å skape eit helsefremjande arbeidsmiljø, både på organisatorisk, gruppe- og individnivå

  • Fagleg oppdatering/vidare- og etterutdanning

Kvalifikasjonar:

  • Norsk autorisasjon som lege, gjerne med erfaring frå bedriftshelseteneste/HMS-arbeid

  • Kan vere spesialist i arbeidsmedisin

  • Gode språkkunnskapar i norsk og engelsk, munnleg og skriftleg

  • Gode samarbeid– og kommunikasjonsevne

  • Evne til å jobbe i team, vere engasjert og initiativrik

  • Evne til å knyte gode relasjonar til ulike kundar og arbeidsmiljø

Må ha førarkort og bil til disposisjon, noko reiseaktivitet må påreknast.


Vi kan tiby:

  • Utfordrande, spennande og varierte arbeidsoppgåver med høgt fagleg fokus

  • Tverrfagleg, hektisk og godt arbeidsmiljø med tre andre bedriftslegar

  • Gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling og stor fleksibilitet i utforming av arbeidsdagen. Opplæring blir gitt

  • Lønn og andre vilkår etter avtale, fri laurdag og søndag


Send søknad med CV, vitnemål og attestar til Bedriftshelse1, Fossetunet1, 6856 Sogndal eller til post@bedriftshelse1.no.

Spørsmål om stillingane kan rettast til administrerande direktør Randi Marie Sjøholt tlf: 95 23 58 74.


Søknadsfrist 15. august 2019