– Førebyggjande arbeid er berebjelken i moderne medisin

tarjei.jpg

Vi har fått ny bedriftslege på lokalkontoret i Årdal.

Tarjei Nyhammer er frå Ostereidet nord for Bergen, utdanna lege og har jobba med legemiddelovervaking i Tsjekkia. No har han flytta til Årdal og begynt i jobben som bedriftslege i Bedriftshelse1. Spennande jobb og vakker natur var trekkplastera.

Jobbar meir førebyggjande

Som arbeidsmedisinar jobbar ein med førebyggande medisin. Til samanlikning vil ein fastlege i større grad jobbe med å behandle sjuke folk.

– Å jobbe førebyggjande er veldig gjevande. I mine auge, er det bærebjelken i moderne medisin, seier Nyhammer.

26-åringen starta i jobben 1. oktober, og det er fortsatt mykje å sette seg inn i. I Årdal jobbar han tett med mellom anna Hydro og deira tilhøyrande selskap. Ein spennande kvardag, der det òg kjem akutte situasjonar.

– Småskadar og andre akutte situasjonar kjem inn med jamne mellomrom, noko som gir stor variasjon i arbeidskvardagen. Det er moro. Så langt likar eg meg veldig godt her.

Del av godt team

Som bedriftslege i Årdal, jobbar ein tett på bedriftene. Det er ein del små og nokon store bedrifter i Årdal, som Hydro og Norsun. Det gjer at han og resten av Bedriftshelse1 får godt innblikk i bedriftene. Nyhammer jobbar i eit team med sjukepleiarar, fysioterapeutar og yrkeshygienikarar.

– Eg tar meg god tid til pasientane, og eg har eit sterkt team å samarbeide med. Eg kan til dømes vere med fysioterapeutene når dei følgjer opp ein pasient, noko eg lærer mykje av.

Bedriftshelse1 har jobba tett med bedriftene i Årdal i mange år. Det gjer at vi kan sette oss inn i ulike situasjonar kjapt. Det gir oss ein stor fordel.

– Vi kan jobbe raskare og meir heilskapleg. Det gir ofte kortare ventetid enn hos fastlegen.