Ver med på Vårseminaret på Skei 15. mai

vaarseminar skei

Velkomen til ein dag med fagleg oppdatering og inspirasjon - dette vil du ikkje gå glipp av!

staale_einarsen.jpg

Trakassering og destruktiv leiing: Korleis handtere varsel og klager i arbeidsmiljøet?

Ståle Einarsen, arb. og org.psykolog ved UiB, forskar og professor i psykologi.

Ståle Einarsen er kjend bl.a. for sitt arbeid med mobbing, destruktiv leiing og konflikthandtering i arbeidslivet. Han har også skrive ei rekkje bøker og held kurs og gjev opplæring til leiarar, HR-personale, tillitsvalde, konsulentar og bedriftshelse-tenestepersonell innan psykososialt arbeidsmiljø. Ståle vil snakke om mange aspekt ved psykososiale utfordringar og korleis bedriftene kan handtere slike saker på ein god måte, og kva rettar og plikter arbeidsgjevar og tilsette har ved påstandar om mobbing, trakassering og dårleg leiing.


sebo.jpg

Trygt arbeidsmiljø for kven?

Jan Petter Sæbø, Arbeidstilsynet på Vestlandet

Jan Petter Sæbø er i leiargruppa i Arbeidstilsynet

Vestlandet og er oppteken av at vi har eit seriøst, trygt og inkluderande arbeidsliv. Han vil kome inn på korleis Arbeidstilsynet arbeider for å påverke tilstanden og standarden i arbeidslivet, og litt om Arbeidstilsynet sitt samfunnsoppdrag og fokusområder.


rune+erling+ludvigsen.jpg

BHT-modellen og framtida - slik vi tolkar det

Rune Erling Ludvigsen, områdeleiar/bedriftssjukepleiar i Bedriftshelse1

I 2018 kom den omfattande rapporten frå ekspertgruppa som har vurdert korleis den norske modellen for bedriftshelseteneste fungerer. Rune vil oppsummere nokre av dei funn som er gjort og ta oss gjennom nokre av dei viktigaste tilrådingane for å sikre god kvalitet og innretning av tenestene også i åra framover.


Målgruppe: Leiarar, verneombod, tillitsvalde og alle andre tilsette frå heile og Sogn og Fjordane 

Dato: Onsdag 15. mai 2019

Stad: Skei i Jølster - Thon Hotel Jølster

Tid: kl. 09.00 -15:30

Påmeldingsfrist: 8. mai 2019.

Meld dykk på innan 15. april og få kr 200 i rabatt pr. deltakar!