Arbeidsvarsling - kurs 1, 2 og 3

Generell informasjon

Alle som utfører arbeid på og ved veg, må ha nødvendig opplæring i arbeidsvarsling. Kurs 1 gir grunnleggande kunnskap for eigen og andre si sikkerheit. Kurs 2 er for tilsette som skal vere ansvarshavande for arbeidsvarsling, medan kurs 3 må gjennomførast av alle som skal utføra manuell trafikkdirigering på riks- og eller fylkesveg.

Alle tre kurs gir sertifiseringar som er gyldig i 5 år. Re-sertifisering skjer ved gjennomgang av nytt fullstendig kurs innan 5 år.

 

Arbeidsvarsling - kurs 1:

Kurset er eigna for:
Alle arbeidstakarar som utfører arbeid på og ved veg, skal ha nødvendig opplæring i arbeidsvarsling. Har du kurs 2, treng du ikkje kurs 1.

Formål med kurset:
Formålet er å gje deltakarane grunnleggande kunnskap og forståing for eigen og andre si sikkerheit ved arbeid på eller ved veg, og dei omsyn som der skal takast.

Deltakarane skal få kunnskap om dei formelle prosedyrar som må følgjast før arbeidet vert sett i gang, og under sjølve arbeidet.

Kompetansemål:
Dei som har bestått kurs 1 kan ha ansvar på stad for å føra tilsyn med varsling og sikring på enkle arbeidsplassar. Det forutset då at arbeidsgjevar har ein ansvarlig med kurs type 2.

Opplæringa skal skje i form av klasseromsundervisning og skal innehalde eller avsluttast med ein kort test som viser at innhaldet er forstått.

Varighet:
Dette er eit dagskurs. 

Dersom testen ikkje vert bestått, skal nytt komplett kurs med eksamen gjennomførast.

NB! Ved avbestilling seinare enn 7 dagar før kurset, vert de belasta med full kursavgift.

Sjå kursplan

Ingen kommande kurs som passar? Ta kontakt - vi set opp kurs på bestilling. 

 

Arbeidsvarsling - kurs 2:

Kurset er eigna for:
Tilsette som skal fylla rollen som ansvarshavande for arbeidsvarsling. Det er krav om dokumentert kurs i arbeidsvarsling 2 for dei som står oppført som ansvarshavande i søknad om å grave i offentlig grunn (gravemelding).

Forkunnskap:
Ingen forkunnskap for å ta kurset.

Formål med kurset:
Formålet er å gje kursdeltakarane ei teoretisk tyngde for å sikra arbeidet i forkant, på ein lovleg og hensiktsmessig måte. Dei som har bestått kurs 2 kan ha rollen som ansvarshavande.

Emne som vil bli gjennomgått:

  • Lover og regler
  • Skiltforskrifta
  • Grave og arbeidsløyve
  • Hensikt med varsling og sikring
  • Fysiske lover i trafikken
  • Risikovurdering
  • Krav til arbeidsstaden
  • Framkommelegheit
  • Stans av trafikk
  • Kontroll og sanksjonar

Kurset avsluttast med ein skriftleg eksamen, med karakterskala «bestått/Ikkje bestått».

Varigheit:
Kurset går over 2 dagar. 

Dersom testen ikkje vert bestått, skal nytt komplett kurs med eksamen gjennomførast.

NB! Ved avbestilling seinare enn 7 dagar før kurset, vert de belasta med full kursavgift.

Sjå kursplan

Ingen kommande kurs som passar? Ta kontakt - vi set opp kurs på bestilling.

Arbeidsvarsling - kurs 3:

Kurset er eigna for:
Personell som skal utføra manuell trafikkdirigering på riks- og eller fylkesveg.

Forkunnskap:
Bestått arbeidsvarslingskurs 1 eller 2, samt førarkort klasse B.

Formål med kurset:
Formålet er å gje deltakar grunnleggande kjennskap til dei krav skiltmyndighetene set for dei som skal utføra manuell trafikkdirigering på riks- og fylkesvegar.

Deltakarane skal etter gjennomgått kurs ha kjennskap til korleis manuell trafikkdirigering skal utførast i praksis, dei faremoment som en trafikkdirigent kan utsetjast for, og korleis vedkomande best skal beskytta seg under utføring av arbeidet.

Emne som vil bli gjennomgått:

  • Personleg sikkerheit
  • Bremselengder, reaksjonstider
  • Teikngivning og åtferd
  • Leiebil
  • Trafikkavvikling
  • Krav til varsling
  • Praktisk øving

Opplæringa skal skje i form av klasseromsundervisning, etterfulgt av ein praktisk prøve. Denne skal gå føre seg ute på trafikkert veg, og skal skje i henhald til ein godkjent arbeidsvarslingsplan.

Varigheit:
Kurset går over 2-3 timar. 

Dersom testen ikkje vert bestått, skal nytt komplett kurs med eksamen gjennomførast.

NB! Ved avbestilling seinare enn 7 dagar før kurset, vert de belasta med full kursavgift.

Sjå kursplan

Ingen kommande kurs som passar? Ta kontakt - vi set opp kurs på bestilling. 

                   

 

Akan

Generell informasjon

Akan kompetansesenter er ein ideell organisasjon, eigd av Næringslivets Hovedorganisasjon (NHO), Landsorganisasjonen i Norge (LO) og staten. AKAN vart stifta i 1963, som ei forkorting for «Arbeidslivets komité mot alkoholisme og narkomani».

 

Introduksjonskurs – 3 timar

Kurset er eigna for:
Verneombod, tillitsvalde, medlemer i AKAN-utval og alle andre tilsette som treng kunnskap om AKAN-arbeid.

Formål med kurset:
Gje auka kunnskap om AKAN-arbeid, rus og avhengingheitsproblematikk på arbeidsplassen.

Tema som vil bli gjennomgått:

  • Om AKAN
  • AKAN-avtale og brot
  • Rusmidlar
  • Roller i bedrifta
  • Den gode samtalen

Varigheit:
Varigheit er ca. 3 timar. 

NB! Ved avbestilling seinare enn 7 dagar før kurset, vert de belasta med full kursavgift.

Sjå kursplan

Ingen kommande kurs som passar? Ta kontakt - vi set opp kurs på bestilling.

 

Innføring i AKAN-modellen - 2 dagar

Kurset er eigna for:
Leiarar og tilsette som gjennom si stilling eller tillitsverv har ansvar og oppgåver knytt til organisasjonsutvikling, arbeidsmiljø, HMS og personalarbeid.

Formål med kurset:
Gi ein grundig innføring i tema arbeidsliv og rusmiddelbruk, lære Akan-modellen og vise konkrete idear til rusmiddelførebyggande tiltak.

Innhald/program:

  • Rusmiddelførebygging – ein del av det systematiske HMS-arbeidet
  • Arbeid med utvalde grupper, situasjonar og bedriftskultur 
  • Arbeid med enkeltpersonar  

Varigheit
Varigheit er 2 dagar. 

NB! Ved avbestilling seinare enn 7 dagar før kurset, vert de belasta med full kursavgift.

Sjå kursplan 

Ingen kommande kurs som passar? Ta kontakt - vi set opp kurs på bestilling.

 

Arbeidsrett

Generell informasjon

Ønskjer du meir kunnskap om ferie, tilsetting, tvistar, permittering og oppseiing? Då er dette kurset for deg. Vi får med oss Frode Samuelsen, som er ein av landets mest kunnskapsrike advokatar i den privatrettslege delen av arbeidsretten.

 

Jus på arbeidsplassen – 1 dag

Kurset er eigna for:
Deg som er leiar, personalmedarbeidar eller tillitsvald i privat næringsliv.

Formål med kurset:
Gje deg ei innføring i gjeldande lover og reglar, slik at du på eigenhand lettare kan takle dei mest vanlege problem som kan oppstå i bedrifta innan personalarbeid.

Tema som vil bli gjennomgått:

  • Arbeidsmiljøloven
  • Avklaring av roller i høve ansvar og pliktar for arbeidsgjevar, medarbeidar, tillitsvalt og verneombod

Autorisasjon:
Rekneskapsførarar og revisorar får kurset godkjent som syv timer under fagområdet rettslære/andre fagområder.

Varigheit: Kurset varar 1 dag.

 NB! Ved avbestilling seinare enn 7 dagar før kurset, vert de belasta med full kursavgift.

Sjå kursplan

Ingen kommande kurs som passar? Ta kontakt - vi set opp kurs på bestilling.

Bedriftsinterne kurs

Arbeidsrett

Ønskjer du meir kunnskap om ferie, tilsetting, tvistar, permittering og oppseiing?

For leiarar, personalmedarbeidarar eller tillitsvalde i privat næringsliv. Du får innføring i gjeldande lover og reglar, slik at du lettare kan takle vanlege problem som kan oppstå i bedrifta innan personalarbeid. Vi ser på Arbeidsmiljøloven og avklaring av roller i høve ansvar og pliktar for arbeidsgjevar, medarbeidar, tillitsvalt og verneombod. Frode Samuelsen blir leigd inn som kurshaldar, ein av landets mest kunnskapsrike advokatar i den privatrettslege delen av arbeidsretten.

Kurset tek 1 dag. Rekneskapsførarar og revisorar får godkjend kurset som 7 timar under fagområdet «Rettslære/andre fagområder».

 

Arbeidsvarsling for ansvarshavande 1, 2, 3

Skal du drive med arbeid på og/eller ved veg? Her er sikkerheit, nøyaktigheit og varsling er viktige stikkord.

Veglova seier at ingen har lov til å arbeide på, under, over eller ved offentlig veg utan løyve frå vegmyndigheitene. Våre kurs gir godkjent sertifisering i 5 år.

Kurs 1 (1 dag): For tilsette hos entreprenørar og andre arbeidsgjevarar med arbeidsoppgåver som jamleg medfører opphald på stader med krav om godkjend arbeidsvarslingsplan. Dette kurset er eit minimumskrav for dei som skal være stadansvarleg på eit arbeidsområde, og opphalde seg på veg. Kurset gir grunnleggjande kunnskap og forståing for eigen og andre sin sikkerheit ved arbeid på eller ved veg, og dei omsyn som skal takast.

Kurs 2 (2 dagar): For tilsette hos entreprenørar og andre arbeidsgjevarar med arbeidsoppgåver som har rolla som ansvarshavande på arbeidsplassen. Også aktuelt for byggeleiinga. Dette kurset gir deltakarane den teoretiske plattforma som er nødvendig for å kunne fylle rolla som ansvarshavande på ein trygg måte. Ein må ha bestått kurs 1.

Kurs 3 (1 dag): For personell som skal utføra manuell trafikkdirigering på riks- og eller fylkesveg. Her må du har bestått kurs 1 eller 2, og ha førarkort klasse B. Deltakarane får kjennskap til korleis manuell trafikkdirigering skal utførast i praksis, dei faremoment som en trafikkdirigent kan utsetjast for, og korleis vedkomande best skal beskytta seg under utføring av arbeidet. Opplæringa skjer i form av klasseromsundervisning, etterfølgt av ein praktisk prøve ute på trafikkert veg.

Ergonomi

Vil du vite meir om korleis du an førebygge arbeidsrelaterte belastningsplager? Bedriftshelse1 held ulike kurs innan ergonomi og arbeidsteknikk.

Aktuelle tema:

  • Kva er ergonomi
  • Ergonomi ved den aktuelle arbeidsplassen; dataarbeidsplass/reinhald/industri/handtverk/pleie og omsorg m.fl.
  • Muskel og skjelettplager
  • Arbeidsteknikk i praksis

Lengd på kursa og kva vi vektlegg, vert tilpassa i høve til kva type bedrift vi held kurs for.

 

Forflytning (av pasientar)

Jobbar du med pasientar i pleie- og omsorgsheim, eller for heimetenesta? Dette kurset er både for nyutdanna og dei som har jobba lenge.

Dette er eit grunnkurs i forflytning av pasientar i pleie- og omsorgsheim, eller for heimetenesta. Teori om forflytningsteknikkar og praktisk gjennomgang av desse, samt kasusgjennomgang av aktuelle utfordringar. Dette kurset passar både for nyutdanna innan pleie og omsorg, samt for dei som har jobba lenge og som har behov eller ønske om oppfrisking på dette viktige førebyggande temaet. Kurset tek om lag tre timar.

Fysisk aktivitet og livsstil

Korleis få betre helse med eit sunt kosthald i ein sterkare kropp?

Dette kurset er for alle som ønskjer auka kunnskap og hjelp til å betre eigen livsstil. Du vil få auka kunnskap om kosthaldsernæring: Korleis dei ulike matvarane påverkar kroppen, kvifor fisk er så sunt og kva sukker gjer med kroppen. I tillegg gir vi deg betre innsikt i eiga helse. Vi ønskjer å gi inspirasjon til å lage sunn, rask og god mat, med tips og råd om korleis du kan planlegge veka, lage handleliste og unngå freistingar. Vi ser på korleis den enkelte kan få fram ressursar til endring.

 

Truslar og vald

Er du godt nok rusta til å møte truslar eller vald på arbeidsplassen? Bedriftshelse1 tilbyr  kurs for deg som er utsatt på jobb.

Fleire arbeidstakarar blir utsatt for vald og truslar i forbindelse med arbeidet. Aukinga blir knytt til at fleire jobbar innanfor helse- og serviceytande sektor, yrke der ein kjem tett på andre menneske. Det er òg knytt til endringar i arbeidslivet, som meir tidspress og økonomiske innstrammingar. Vald og truslar er eit arbeidsmiljøproblem som kan få alvorlege konsekvensar for den som opplev det. Det kan få konsekvensar både for arbeidsglede, trivsel og kvaliteten på arbeidet. Med dette kurset, er du betre rusta til å møte slike situasjonar, og du vil i større grad kunne førebygge truslar og vald.

Internkontroll

Treng du hjelp til å koma i gang med eit internkontrollsystem i di bedrift?

Kurset er for leiarar og andre i små bedrifter som arbeider med internkontrollsystem. Å bygge opp eit slikt system krev tid, anten ein lagar det sjølv eller kjøper ein elektronisk versjon. Målet er at bedrifta skal få kunnskap nok til å bygge opp og vedlikehalde eit internkontrollsystem som er tilpassa bedrifta, utifrå bransje og risiko.

Kurset er planlagt som tre samlingar og retta mot små bedrifter som treng hjelp til å koma i gang med arbeidet. På samlingane er planen å presentera krava til dokumentasjon som står i Internkontrollforskrifta og å arbeide med å tilpassa oppsett for kvar enkelt bedrift.

Kommunikasjon

Våre kurs i kommunikasjon blir tilpassa den enkelte arbeidsplass. Det kan til dømes knytast til tema som psykososialt arbeidsmiljø, konflikthandtering og stressmeistring.

Vi ser på kva effektiv og ineffektiv kommunikasjon er, kva som fremjar og hemjar god kommunikasjon og hjelper deg å sjå eigne kommunikasjonsvanar. Kurs i kommunikasjon kan passe for alle tilsette i ei bedrift.

Kjemikaliekurs

Har bedrifta di orden på kjemikaliar? Dette kurset vil gjere dykk betre på handtering av kjemikaliar.

Kurset er for leiarar og verneombod som treng oppfrisking av kunnskap om kjemikaliar, merkereglar og sikkerheitsdatablad. Få kunnskap om korleis du kan nytte informasjon på etikettane og i sikkerheitsdatablada til å førebygge helseskade ved handtering og bruk av kjemiske stoff og produkt. Vi tek opp tema som: Er sikkerheitsdatablada (SDS) oppdaterte og stoffkartoteket komplett? Kjenner bedrifta til dei nye piktogramma? Vert det brukt rett verneutstyr? Kurset tek om lag 3 timar.

Psykososialt arbeidsmiljø

Tema på dette kurset kan knytast til kommunikasjon, konflikthandtering og stressmestring. Konkret innhald og tid på kurset blir tilpassa den enkelte arbeidsplass.

Vi ser på psykososiale faktorar i arbeidslivet, lovverk knyta til psykososialt arbeidsmiljø, samt kartlegging og risikovurdering. Anbefalt tid på kurset er minimum 1,5 time.

Reinhaldsforum

Ønskjer du eit forum for reinhaldsleiarar, reinhaldarar og husøkonomar?

Dette er ein samling med fokus på ulike tema som er viktig for å styrke arbeidsmiljø og inkludere reinhaldarar. Målet er å skape ein arena for dialog med andre reinhaldsleiarar og reinhaldarar. Samlinga tek om lag 3 timar. Samlinga er for reinhaldsleiarar, reinhaldarar og husøkonomar/andre med leiaransvar for reinhaldarar. Det er ein fordel om fleire frå same arbeidsplass deltek saman.

Risikovurdering som HMS-verktøy

Treng du hjelp til å kartlegge og gjennomføre tiltak for å redusere risiko i bedrifta?

Risiko er eit uttrykk for mogeleg tap ei bedrift kan verta utsett for. Bedrifter som kartlegg og gjennomfører tiltak for å redusere risiko vil oppleva at tap og skadar vert reduserte. Bedrifta vert «etterpåklok på førehand». Kurset vil gje ei innføring i korleis ei bedrift kan koma i gang med å bruka risikovurdering som eit HMS-verktøy. Anbefalt tid på kurset er 3 timar, men vi tilpassar kursinnhaldet til din bedrift.

Metodar for stressmeistring

Ønskjer du å lære teknikkar for å handtere stress? Stress kan gjere oss sjuke om vi lar det ta overhand.

For tilsette som er motivert for endring. Kurset seier kort om korleis kroppen reagerer på stress og kvifor vi kan bli sjuke av stress, og går gjennom generelle metodar for å handtere stress, både kva ein kan gjere på kort sikt og meir langsiktig. Det er viktig at deltakarane er motiverte for å gjere små endringar i eige liv.

Tall frå NAV og InFact viser at 4 av 10 opplever ein stressa kvardag. Mest stressa er folk i aldersgruppa 30-44 år. Stress kan vera positivt fordi det aukar evna vår til å løyse problem, men blir det for mykje kan det få helsemessige konsekvensar. Vi reagerer ulikt på stress, nokre tåler mykje og andre lite. Stressnivået hjå den enkelte har tendens til gradvis å auke, slik at vi blir meir og meir van med å ha det stressa. Først når symptoma er merkbare, byrjar vi å forholda oss til korleis vi skal redusere eller unngå stress. Difor er det viktig at kvar enkelt lærer seg å kjenne når stressnivået er kome ut av kontroll. Kurset tek 2 til 3 timar.

Støy- og vibrasjonsopplæring

Er du eller dine tilsette utsatt for støy eller vibrasjonar på arbeidsplassen?

I forskrifta «Utførelse av arbeid», er det krav om opplæring for arbeidstakarar eksponert for støy og vibrasjonar. Arbeidsgjevar skal mellom anna sørge for at tilsette får tilstrekkeleg opplæring av trygge arbeidsmetodar som minskar eksponeringa og risikoen for helseskade. Det inneberer mellom anna informasjon om når det er behov for hørselsvern og korleis dei skal nyttast, tiltaks- og grenseverdiar for eksponering, måleresultat, kva teikn på skader som kan oppdagast og korleis ein skal rapportere.  Kurset tek mellom 2 og 3 timar.

Brannsløkkjekurs

Generell informasjon

Kan du handtera ein handsløkkjar? Veit du korleis den verkar? Har bedrifta di gjennomført øving? Alle har ein brannsløkkjar heima eller på jobben, men veldig mange kan ikkje bruka den. Brannvernlova og Internkontrollforskrifta stiller krav til bedrifter og føretak om opplæring i brannvern. Ved eit branntilløp er det for seint å lære seg det.

Sogn Brann og redning held våre kurs.

 

Brannsløkkjekurs, 1 time

Kurset er eigna for:
Alle tilsette og privatpersoner.

Formål med kurset:
Du får prøve ulike typar sløkkjeapparat, slik at du er godt rusta til å kunne bruka ein slik i eit branntilfelle. Du får ei enkel innføring i brannvern og lærer om eigenskapane til dei aktuelle sløkkjemidlane.

Tema:
Det blir først teori i 15-20 minuttar, før alle får sløkkja ned med skum eller Co2. Me brenn propan i vassbad og alle får prøva brannteppe på dokke.

Pris og varigheit:
1 time.

 NB! Ved avbestilling seinare enn 7 dagar før kurset, vert de belasta med full kursavgift.

 Sjå kursplan

Ingen kommande kurs som passar? Ta kontakt - vi set opp kurs på bestilling.

 

Utvida brannsløkkjekurs

I samarbeid med lokale brannvern tilbyr me 1-, 2- og 3-timars kurs i brannvern. 2- og 3-timars kursa kan tilpassast dei ulike bedriftene sine ynskjer. Spesialtilpassa kurs kan og lagast til.

Ta kontakt for ønskje, innhald og pris. 

Bruk og stell av motorsag

Generell informasjon

Kurset er tilpassa både skogeiere og tilsette utanfor skogbruket. Kurset gir dokumentert sikkerheitsopplæring for bruk av motorsag og ryddesag etter Arbeidstilsynet sine krav om dokumentert opplæring.

 

Bruk og stell av motorsag – 2 dagar

Kurset er eigna for:

Alle brukarar av motorsag og ryddesag. Til dømes innan skog- og landbruk, linjeryddere, tilsette i e-verk, vegvesen, jernbane, kommune m.fl.

 

Formål med kurset:

Gi opplæring i bruk av motorsag og verneutstyr. Du vil lære korleis klargjere for hogst, felling og kvisting, i tillegg til vedlikehald av utstyret. Kurset er tilrettelagt for å gjennomførast i tilknyting til arbeidsplassen. Det blir lagt stor vekt på sikkerheit. 

 

Gjennomført kurs vil gje dokumentert opplæring slik Arbeidstilsynet krev ved bruk av motorsag.

 

Tema:

  • Verneutstyr, grunnleggjande opplæring i bruk av motorsag
  • Vedlikehald av motorsag
  • Klargjering for hogst
  • Felling og kvisting
  • Vedlikehald av motorsaga, evaluering og utdeling av kursbevis

Deltakarane må ta med verneutstyr som består av vernestøvlar, vernebukse, hjelm med hørselsvern. Alle må ha med eigen motorsag, mat og varme kle.

Lærebøkene «Hogst» og «Motorsaga» er bøker ein vil ha utbytte av å studere på førehand. Desse kan ein få kjøpt hjå Bedriftshelse1 eller på skogbrukskurs.no ved å trykke på linkene over.

NB! Ved avbestilling seinare enn 7 dagar før kurset, vert de belasta med full kursavgift.

 Sjå kursplan

Ingen kommande kurs som passar? Ta kontakt - vi set opp kurs på bestilling.

 

Førstehjelpskurs

Generell informasjon

Treng du å friske opp kunnskapen om førstehjelp? Våre kurs varer vanlegvis i tre timar, med fokus på eigen sikkerheit, varsling, vurdering av pust og bevisstheit, praktisk øving på sideleie, hjarte-lunge-redning og praktisk øving på dokke med ein og to hjelparar.

Vi kjem til di bedrift og held kurs. Er de ei lita bedrift, kan de melde dykk på eit av våre planlagde kurs. Er de ei bedrift med spesielle behov, tilpassar vi kurset etter bedrifta sitt ønskje.

 

Førstehjelpskurs, 2-3 timar 

Kurset er eigna for:
Alle tilsette (maks 10 deltakarar per kurs).

Formål med kurset:
Formålet med førstehjelpskurset er å gjere deltakarane i stand til å starte hjarte- og lungeredning. Du lærer iverksetjing av enkle førstehjelpstiltak på ein trygg og effektiv måte.

Kursinnhald:

·       Hjarte-lunge-redning

·       Eigen sikkerheit

·       Varsling

·       Vurdering av pust og bevisstheit

·       Hjartestartar

Vi jobbar praktisk og trener på å komme raskt i gang. Dei som deltek på våre kurs, får trene på å vere åleine og med to eller fleire reddarar. Fordeling av arbeidsoppgåver og effektiv byte av arbeidsoppgåver er viktig, og det å bli einig om når og kven som hentar hjertestartar (dersom den er i nærleiken).

 NB! Ved avbestilling seinare enn 7 dagar før kurset, vert de belasta med full kursavgift.

 Sjå kursplan

Ingen kommande kurs som passar? Ta kontakt - vi set opp kurs på bestilling.

Grunnkurs i arbeidsmiljø ( 40 - timerskurset )

Generell informasjon

Kurset oppfyller arbeidsmiljølovens krav til opplæring av verneombod og medlemmer av arbeidsmiljøutval (AMU) Me anbefalar også leiarane å ta denne opplæringa. . Du får ein innføring i kva HMS inneberer for verksemda og den enkelte arbeidstakar.

 

Lovpålagt grunnkurs - 4 dagar + heimeoppgåve

Kurset er eigna for:
Verneombod, medlem i Arbeidsmiljøutval (AMU), tillitsvalde, leiarar, HMS-personale.

Formål med kurset:
Få kunnskap om korleis du som arbeidstakar/leiar i teori og praksis kan utvikle gode og sikre arbeidstilhøve på arbeidsplassen din.  Vi håpar òg at kurset vil føre til utvikling av eit betre arbeidsmiljø på din arbeidsplass.

Tema er td:

  • Innføring i arbeidsmiljølova og tilhøyrande forskrifter
  • Arbeidsgjevar, arbeidstakar, leiar, verneombodet og bedriftshelsetenesta si rolle i arbeidsmiljøarbeidet
  • Systematisk HMS-arbeid
  • Arbeidsmiljøfaktorar
  • Psykososialt arbeidsmiljø
  • Saksgang
  • Inkluderande arbeidsliv


Kurset legger opp til dialog, trening, refleksjon og aktiv bruk av deltakernes erfaringer.

Varigheit:
Kurset går over 4 dagar + heimeoppgåve. For å få kursbevis må ein delta alle dagar. 

 NB! Ved avbestilling seinare enn 7 dagar før kurset, vert de belasta med full kursavgift.

 Sjå kursplan

Ingen kommande kurs som passar? Ta kontakt - vi set opp kurs på bestilling.  

Hjartestartarkurs

Generell informasjon

Har de ein hjartestartar i nærleiken, enten på jobb eller i klubben, er det smart å bli med på eit hjartestartarkurs. Treng du å nytte hjartestartar, teller kvart minutt. Men god trening og forståing for kva ein skal gjere i ein akutt situasjon, kan ein spare sekundar – og dermed spare liv.

 

Hjartestartarkurs, 3 timar

Kurset er eigna for:
Alle tilsette i ei bedrift.

Formål med kurset:
Formål med hjartestartarkurset er å gi alle tilsette fullstendig opplæring i bruk av halvautomatisk hjartestartar. Dette vil gje auka tryggheit på arbeidsplassen og betre bevisstheit blant dei tilsette.

Kursinnhald:

  • Forstå betydinga av tidleg varsling og tidleg defibrillering
  • Utføre effektiv hjarte-/lunge redning
  • Bruk av pustemaske/pusteduk
  • Utføre HLR med ein- og to-reddarteknikk
  • Bruke ein halvautomatisk defibrillator (hjartestartar)
  • Handlingsplan for DHLR (hjarte-/lungeredning med bruk av hjartestartar)

Varigheit:
Det vert sett av 3 timar.

Ved avbestilling seinare enn 7 dagar før kurset, vert de belasta med full kursavgift.

 Sjå kursplan

Ingen kommande kurs som passar? Ta kontakt - vi set opp kurs på bestilling.

Medarbeidersamtalen

Generell informasjon

Medarbeidarsamtalen er eit godt HR-verktøy for deg som leiar. Motiverte medarbeidarar skapar betre resultat. Men ein vellukka medarbeidarsamtale krev grundig forarbeid, god gjennomføring og riktig etterarbeid. Dette kurset lærer deg ein metode som lett kan tilpassast din arbeidsplass.

 

Medarbeidarsamtalen, eit verdifullt leiarverktøy - 2 timar

Kven er kurset for:
Leiarar. Max 12 deltakarar.

Formål med kurset:
Formål med kurset er å gje leiarar ei innføring i innhald og gjennomføring av planlagt og førebudd samtale med den tilsette om arbeid, forventningar og målsetjingar. Du vil bli i stand til å nytte medarbeidarsamtalen som eit aktivt leiarverktøy og skape større tryggheit for den du skal ha samtalen med.

 NB! Ved avbestilling seinare enn 7 dagar før kurset, vert de belasta med full kursavgift.

 Sjå kursplan

Ingen kommande kurs som passar? Ta kontakt - vi set opp kurs på bestilling.

HMS-kurs for leiarar - lovpålagt

Generell informasjon

Dette er eit dagskurs som er tilpassa leiarar med arbeidsgjevaransvar. I følge Arbeidsmiljølova § 3-5 skal alle arbeidsgjevarar gjennomgå HMS-opplæring. Fokus er retta på leiar si rolle i bedrifta sitt HMS-arbeid.

 

Frode Samuelsen er kurshaldar, ein av landets mest kunnskapsrike advokatar i arbeidsrett.

 

HMS-kurs for leiarar, lovpålagt – 1 dag

Kven er kurset for:
Leiarar med arbeidsgjevaransvar. Kurset inngår som en del av «Grunnkurs i arbeidsmiljø/40-timerskurset» 

 

Formål med kurset:
Målsetting for kurset er å gi kunnskap om korleis du som leiar, i teori og praksis, kan utvikle gode og sikre arbeidstilhøve på arbeidsplassen din. Det vert lagt vekt på verdiskaping og ivaretaking av arbeidstakarar i høve deira rettar og plikter.

Emne som blir gjennomgått:

  • Formål og bakgrunn for opplæring i HMS
  • Arbeidsmiljølova og relevante forskrifter
  • Avklaring av roller: leiar, tilsett, verneombod
  • Leiar og arbeidstakar sine pliktar og rettar

Varigheit:
Det vert sett av ein full dag til kurset. Kursavgifta inkluderer lunsj.

 Ved avbestilling seinare enn 7 dagar før kurset, vert de belasta med full kursavgift.

 Sjå kursplan

Ingen kommande kurs som passar? Ta kontakt - vi set opp kurs på bestilling.

Sertifisert våtromsarbeidar

Generell informasjon

Vi tilbyr kurs i sertifisert våtromsarbeidar. Vi tilbyr også oppdatering i byggebransjens våtromsnorm  (BVN) for deg som vil oppdatere sertifikatet. BVN er ei bransjenorm for planlegging og utføring av vatnskadesikre, funksjonelle våtrom med høg kvalitet og lang levetid. Etter kurset kan bedrifta stå oppført i FFVs (Fagrådet for våtrom) lister over godkjente våtromsbedrifter, og marknadsføre seg med BVNs logo med «godkjent våtromsbedrift».

Vi held kurset i samarbeid med Byggeveiledning AS.

 

Sertifisert våtromsarbeidar - 1 dag, heimeoppgåve og eksamen 1/2 dag

Kurset er eigna for:  
Alle handverksfag som jobbar på våtrom og ønskjer å bli sertifisert. 

Formål med kurset: 
Gjere deg til ein sertifisert våtromsmedarbeider. 

Forkunnskap: 
Fag- eller sveinebrev, eller 5-års dokumentert praksis innan eitt handverksfag. Deltakarar med fag- og sveinebrev treng ikkje å dokumentera praksis.

Kurshaldar: 
Byggeveiledning AS (Fagrådets største arrangør av våtromskurs).

Varigheit:
Kurset varar ein dag forelesning, heimeoppgåve og en halv dag med eksamen. Kursavgift inkluderer mat, materiell, eksamen og kursbevis.

Etter heimeoppgåver med video og ein fullført/godkjent eksamen vil du få tilsendt eit bevis som viser din status som sertifisert våtromsarbeider i høve til BVN.

Ved avbestilling seinare enn 7 dagar før kurset, vert de belasta med full kursavgift.

 Sjå kursplan

Ingen kommande kurs som passar? Ta kontakt - vi set opp kurs på bestilling.

 

 

Oppdatering i byggebransjens våtromsnorm (BNV) - 1 dag

Kurset er eigna for:
Alle handverksfag som jobbar på våtrom og ønskjer å oppdatere sitt sertifikat. Det er krav om oppdatering for dei som har eksisterande sertifikat. Det betyr at alle med eldre sertifikat enn 5 år må oppdaterast i år. Om dette ikkje blir gjort må dei ta hele kurset på nytt med ny eksamen.

Sjå da evt. på kurset «Sertifisert våtromsmedarbeider» med heimeoppgåve og eksamen etter 14 dagar. 

Formål med kurset: 
Gjere deg til ein sertifisert våtromsmedarbeider. 

Forkunnskap: 
Inneha BVN-sertifikat. Du vil få tilsendt eit nytt sertifikat etter å ha delteke på kurset.

Kurshaldar: 
Byggeveiledning AS (Fagrådets største arrangør av våtromskurs).

Varigheit:
Kurset varar ein dag. Kursavgift inkluderer mat, materiell, eksamen og kursbevis.

 NB! Ved avbestilling seinare enn 7 dagar før kurset, vert de belasta med full kursavgift.

 Sjå kursplan

Ingen kommande kurs som passar? Ta kontakt - vi set opp kurs på bestilling.

 

 

Oppfriskingskurs for verneombod og AMU-medlemer

Generell informasjon

Kurset er for dei som har teke grunnkurs i arbeidsmiljø (40 t-kurs) og som treng ei oppdatering i rolla som verneombod eller medlem i AMU. Kurset vil gi deg den kunnskapet du treng for å vere oppdatert og trygg i rolla di.

Oppfriskingskurs – 3 timar

Kurset er eigna for:
Verneombod, leiarar, medlemmer av arbeidsmiljøutval og ansatte som tidlegare har tatt grunnkurs i arbeidsmiljø.

Kursinnhald:

  • Rollar i arbeidsmiljøarbeid
  • Oppfrisking i arbeidsmiljølova og tilhøyrande forskrifter

Kurset vert lagt opp til dialog, refleksjon og aktiv bruk av deltakarane sine erfaringar.

Varigheit:
Kurset varar i ca. 3 timar. 

Ved avbestilling seinare enn 7 dagar før kurset, vert de belasta med full kursavgift.

Sjå kursplan

Ingen kommande kurs som passar? Ta kontakt - vi set opp kurs på bestilling.

Stillaskurs

Generell informasjon

Ope kurs som går over to dagar og dekkjer kravet til teoretisk opplæring for arbeid med stillas opptil 9 meter høgde. Kurset oppfyller teorikrava i «Forskrift om utførelse av arbeid» kap. 17. Stillas-praksis kan dokumenterast i eiga bedrift.

 

Stillaskurs - 2 dagar

Kurset er eigna for:
Dei som treng dokumentert opplæring for å utføre arbeid med stillas med golvhøgde inntil 9 meter.

Maks 18 deltakarar.

Formål med kurset:
Kurset skal gi teoretisk opplæring for deg som skal arbeide med montering, demontering, endring eller kontroll av stillas mellom to og ni meter høgde, inkludert rullestillas.

Kursinnhald:
- Plan for montering/demontering/endring
- Sikkerheit
- Risikovurdering og tiltak
- Fallsikring
- Kontrollrutinar
- Tiltak ved vêromslag
- Tillatne belastningar
- Kontroll av stillas

Varigheit:
Kurset går over to dagar.

 Ved avbestilling seinare enn 7 dagar før kurset, vert de belasta med full kursavgift.

 Sjå kursplan

Ingen kommande kurs som passar? Ta kontakt - vi set opp kurs på bestilling.

 

Truslar og vald

Generell informasjon

Truslar og vald på arbeidsplassen oppstår jamleg, særlig blant dei som jobbar i helse- og serviceytande sektor. For å vere betre forberedt, kan du ta eit av våre kurs: Eit kortare kurs med fokus på førebygging og konkrete steg for å takle truslar og vald, og eit 6-timers kurs med meir fylde, der ein lærer gode metodar og teknikkar for å møte truslar og vald. Arild Stangeland, rådgjevar i Helse Bergen, er leigd inn som kurshaldar på 6-timarskurset.

 

Truslar og vald, 2-3 timar

Kurset er eigna for:
Tilsette, verneombod, tillitsvald og arbeidsgjevarar.

Formål med kurset:
Truslar og vald er eit arbeidsmiljøproblem som kan få alvorlege konsekvensar for dei som opplever det. Det kan òg få konsekvensar for arbeidsglede, trivsel og kvalitet på arbeidet. Auking av vald på arbeidsplassen blir knytt til at fleire jobbar innanfor helse- og serviceytande sektor. Dette er yrke der ein kjem tett på andre menneske. Også endringar i arbeidslivet, som meir tidspress og økonomiske innstrammingar, kan føre til truslar og vald.

Dette kurset vil gjere deg betre forberedt til å takle slike situasjonar, og gi deg nokre konkrete tiltak bedrifta di kan gjere.

Kursinnhald:

  • Kva er truslar og vald.
  • Truslar og vald er eit arbeidsmiljøproblem, ikkje eit individuelt problem.
  • Tilhøve på arbeidsplassen som kan spele inn, tiltak bedrifta kan gjere.
  • Korleis førebygge at truslar og vald får utvikle seg.
  • Metode i kommunikasjon – «ikkje valdeleg kommunikasjon»

Kurshaldar: 
Bedriftshelse1. 

Varigheit:
Kurset er på 2-3 timar.  

Ved avbestilling seinare enn 7 dagar før kurset, vert de belasta med full kursavgift.

 Sjå kursplan

Ingen kommande kurs som passar? Ta kontakt - vi set opp kurs på bestilling.

 

Lær deg å meistra truslar og vald, 6 timar

Kurset er eigna for:
Alle som møter aggressive personar og truslar om vald i arbeidet sitt.

Formål med kurset:
Lære deg gode rutinar for å unngå vald, og konkrete teknikkar for å møta truslar om vald og aggressive personar. Formålet er å gjere deg betre rusta til å takle situasjonar med truslar og vald på jobb.

Kursinnhald:

  • Kommunikasjon
  • Møte med aggressive personar
  • Eigne reaksjonar på det å bli utsett for truslar og evt. vald
  • Samhandling, - når ein er fleire
  • Kva har Ola Normann lov å gjera? Kan ein privatperson stoppa ein annan person?  Kva er ulovlig?
  • Kva har ein lov å gjera i jobbsamanheng? I ulike serviceyrker?
  • Kva forventningar har politiet til samarbeid med dykk?
  • Anmelding, kva er det? Kva gjer ein som tilsett?

Kurshaldar:  
Arild Stangeland er rådgjevar i Helse Bergen og konstituert seksjonsleiar av fageininga psykiatrisk divisjon på Haukeland Universitetssjukehus. Han har halde kurs og undervist i mellom anna aggresjon, valdsproblematikk og konflikthandtering. Han er òg medforfattar av boka «Sikkerhet og omsorg - møte med aggresjon og vold».

Varigheit:
Kurset er på 6 timer/1 dag.

Ved avbestilling seinare enn 7 dagar før kurset, vert de belasta med full kursavgift.

 Sjå kurplan

Ingen kommande kurs som passar? Ta kontakt - vi set opp kurs på bestilling.

 

Varme arbeid - sertifiseringskurs

Generell informasjon

Utfører du arbeid definert som varmt arbeid? Dette kurset vil betre din kunnskap slik at du kan utføre arbeidet på mest mogleg brannsikker måte. Kurset vil gi deg sertifisering som er gyldig i 5 år.

 

Varmearbeid – sertifiseringskurs, 1 dag

Kurset er eigna for: 
Alle som utfører arbeid definert som varmt arbeid.

Definisjonen av varm arbeid er der det vert nytta maskiner og utstyr som genererer gnistar og varme, som kan medføre brann. Varmearbeid omfattar bruk av open eld, varmluft, sveise-, skjære- og/eller slipeutstyr. Fast tilrettelagt arbeidsplass treng ikkje kurs/sertifisering.

Formål med kurset:
Betre kunnskap slik at ein kan utføre varmt arbeid på mest mogleg brannsikker måte.

Kursinnhald:

  • ­  Sertifiseringsordninga
  • ­  Sikkerheitsforskrifta for varme arbeid
  • ­  Brannteori
  • ­  Relevante lover og forskrifter
  • ­  Farar ved varmt arbeid; før, under og etter
  • ­  Sløkkjeøving
  • ­  Eksamen

Ved gjennomført kurs vil du få kursbevis/sertifisering som er gyldig i 5 år.

Varigheit:
Kurset går over 1 dag.

 Ved avbestilling seinare enn 7 dagar før kurset, vert de belasta med full kursavgift.

 Sjå kursplan

Ingen kommande kurs som passar? Ta kontakt - vi set opp kurs på bestilling.