HMS-kurs for leiarar - lovpålagt

LOVPÅLAGT KURS FOR LEIARAR

Dette er eit dagskurs som er tilpassa leiarar med arbeidsgjevaransvar. I følgje Arbeidsmiljølovens § 3 -5 skal arbeidsgjevarar gjennomgå HMS-opplæring.

Fokus er retta på leiar si rolle i bedrifta sitt HMS-arbeid. Det vert lagt vekt på verdiskaping og ivaretaking av arbeidstakarar i høve deira rettar og plikter.

Etter gode evalueringar har me nok ein gong vore så heldige å få ein av landets mest kunnskapsrike advokatar i arbeidsrett, Frode Samuelsen som kurshaldar!

Målgruppe: Leiarar med arbeidsgjevaransvar

Målsetjing for kurset: å få kunnskap om korleis du som leiar i teori og praksis kan utvikle gode og sikre arbeidstilhøve på arbeidsplassen din.

Innhald :

  • Formål og bakgrunn for opplæring i HMS
  • Arbeidsmiljølova og relevante forskrifter
  • Avklaring av roller; leiar, tilsett, verneombod
  • Leiar og arbeidstakar sine pliktar og rettar 

Kurset inngår som en del av Grunnkurs i arbeidsmiljø/40-timerskurset.