Bedriftsinterne kurs

Arbeidsrett

Ønskjer du meir kunnskap om ferie, tilsetting, tvistar, permittering og oppseiing?

For leiarar, personalmedarbeidarar eller tillitsvalde i privat næringsliv. Du får innføring i gjeldande lover og reglar, slik at du lettare kan takle vanlege problem som kan oppstå i bedrifta innan personalarbeid. Vi ser på Arbeidsmiljøloven og avklaring av roller i høve ansvar og pliktar for arbeidsgjevar, medarbeidar, tillitsvalt og verneombod. Frode Samuelsen blir leigd inn som kurshaldar, ein av landets mest kunnskapsrike advokatar i den privatrettslege delen av arbeidsretten.

Kurset tek 1 dag. Rekneskapsførarar og revisorar får godkjend kurset som 7 timar under fagområdet «Rettslære/andre fagområder».

 

Arbeidsvarsling for ansvarshavande 1, 2, 3

Skal du drive med arbeid på og/eller ved veg? Her er sikkerheit, nøyaktigheit og varsling er viktige stikkord.

Veglova seier at ingen har lov til å arbeide på, under, over eller ved offentlig veg utan løyve frå vegmyndigheitene. Våre kurs gir godkjent sertifisering i 5 år.

Kurs 1 (1 dag): For tilsette hos entreprenørar og andre arbeidsgjevarar med arbeidsoppgåver som jamleg medfører opphald på stader med krav om godkjend arbeidsvarslingsplan. Dette kurset er eit minimumskrav for dei som skal være stadansvarleg på eit arbeidsområde, og opphalde seg på veg. Kurset gir grunnleggjande kunnskap og forståing for eigen og andre sin sikkerheit ved arbeid på eller ved veg, og dei omsyn som skal takast.

Kurs 2 (2 dagar): For tilsette hos entreprenørar og andre arbeidsgjevarar med arbeidsoppgåver som har rolla som ansvarshavande på arbeidsplassen. Også aktuelt for byggeleiinga. Dette kurset gir deltakarane den teoretiske plattforma som er nødvendig for å kunne fylle rolla som ansvarshavande på ein trygg måte. Ein må ha bestått kurs 1.

Kurs 3 (1 dag): For personell som skal utføra manuell trafikkdirigering på riks- og eller fylkesveg. Her må du har bestått kurs 1 eller 2, og ha førarkort klasse B. Deltakarane får kjennskap til korleis manuell trafikkdirigering skal utførast i praksis, dei faremoment som en trafikkdirigent kan utsetjast for, og korleis vedkomande best skal beskytta seg under utføring av arbeidet. Opplæringa skjer i form av klasseromsundervisning, etterfølgt av ein praktisk prøve ute på trafikkert veg.

Ergonomi

Vil du vite meir om korleis du an førebygge arbeidsrelaterte belastningsplager? Bedriftshelse1 held ulike kurs innan ergonomi og arbeidsteknikk.

Aktuelle tema:

  • Kva er ergonomi
  • Ergonomi ved den aktuelle arbeidsplassen; dataarbeidsplass/reinhald/industri/handtverk/pleie og omsorg m.fl.
  • Muskel og skjelettplager
  • Arbeidsteknikk i praksis

Lengd på kursa og kva vi vektlegg, vert tilpassa i høve til kva type bedrift vi held kurs for.

 

Forflytning (av pasientar)

Jobbar du med pasientar i pleie- og omsorgsheim, eller for heimetenesta? Dette kurset er både for nyutdanna og dei som har jobba lenge.

Dette er eit grunnkurs i forflytning av pasientar i pleie- og omsorgsheim, eller for heimetenesta. Teori om forflytningsteknikkar og praktisk gjennomgang av desse, samt kasusgjennomgang av aktuelle utfordringar. Dette kurset passar både for nyutdanna innan pleie og omsorg, samt for dei som har jobba lenge og som har behov eller ønske om oppfrisking på dette viktige førebyggande temaet. Kurset tek om lag tre timar.

Fysisk aktivitet og livsstil

Korleis få betre helse med eit sunt kosthald i ein sterkare kropp?

Dette kurset er for alle som ønskjer auka kunnskap og hjelp til å betre eigen livsstil. Du vil få auka kunnskap om kosthaldsernæring: Korleis dei ulike matvarane påverkar kroppen, kvifor fisk er så sunt og kva sukker gjer med kroppen. I tillegg gir vi deg betre innsikt i eiga helse. Vi ønskjer å gi inspirasjon til å lage sunn, rask og god mat, med tips og råd om korleis du kan planlegge veka, lage handleliste og unngå freistingar. Vi ser på korleis den enkelte kan få fram ressursar til endring.

 

Truslar og vald

Er du godt nok rusta til å møte truslar eller vald på arbeidsplassen? Bedriftshelse1 tilbyr  kurs for deg som er utsatt på jobb.

Fleire arbeidstakarar blir utsatt for vald og truslar i forbindelse med arbeidet. Aukinga blir knytt til at fleire jobbar innanfor helse- og serviceytande sektor, yrke der ein kjem tett på andre menneske. Det er òg knytt til endringar i arbeidslivet, som meir tidspress og økonomiske innstrammingar. Vald og truslar er eit arbeidsmiljøproblem som kan få alvorlege konsekvensar for den som opplev det. Det kan få konsekvensar både for arbeidsglede, trivsel og kvaliteten på arbeidet. Med dette kurset, er du betre rusta til å møte slike situasjonar, og du vil i større grad kunne førebygge truslar og vald.

Internkontroll

Treng du hjelp til å koma i gang med eit internkontrollsystem i di bedrift?

Kurset er for leiarar og andre i små bedrifter som arbeider med internkontrollsystem. Å bygge opp eit slikt system krev tid, anten ein lagar det sjølv eller kjøper ein elektronisk versjon. Målet er at bedrifta skal få kunnskap nok til å bygge opp og vedlikehalde eit internkontrollsystem som er tilpassa bedrifta, utifrå bransje og risiko.

Kurset er planlagt som tre samlingar og retta mot små bedrifter som treng hjelp til å koma i gang med arbeidet. På samlingane er planen å presentera krava til dokumentasjon som står i Internkontrollforskrifta og å arbeide med å tilpassa oppsett for kvar enkelt bedrift.

Kommunikasjon

Våre kurs i kommunikasjon blir tilpassa den enkelte arbeidsplass. Det kan til dømes knytast til tema som psykososialt arbeidsmiljø, konflikthandtering og stressmeistring.

Vi ser på kva effektiv og ineffektiv kommunikasjon er, kva som fremjar og hemjar god kommunikasjon og hjelper deg å sjå eigne kommunikasjonsvanar. Kurs i kommunikasjon kan passe for alle tilsette i ei bedrift.

Kjemikaliekurs

Har bedrifta di orden på kjemikaliar? Dette kurset vil gjere dykk betre på handtering av kjemikaliar.

Kurset er for leiarar og verneombod som treng oppfrisking av kunnskap om kjemikaliar, merkereglar og sikkerheitsdatablad. Få kunnskap om korleis du kan nytte informasjon på etikettane og i sikkerheitsdatablada til å førebygge helseskade ved handtering og bruk av kjemiske stoff og produkt. Vi tek opp tema som: Er sikkerheitsdatablada (SDS) oppdaterte og stoffkartoteket komplett? Kjenner bedrifta til dei nye piktogramma? Vert det brukt rett verneutstyr? Kurset tek om lag 3 timar.

Psykososialt arbeidsmiljø

Tema på dette kurset kan knytast til kommunikasjon, konflikthandtering og stressmestring. Konkret innhald og tid på kurset blir tilpassa den enkelte arbeidsplass.

Vi ser på psykososiale faktorar i arbeidslivet, lovverk knyta til psykososialt arbeidsmiljø, samt kartlegging og risikovurdering. Anbefalt tid på kurset er minimum 1,5 time.

Reinhaldsforum

Ønskjer du eit forum for reinhaldsleiarar, reinhaldarar og husøkonomar?

Dette er ein samling med fokus på ulike tema som er viktig for å styrke arbeidsmiljø og inkludere reinhaldarar. Målet er å skape ein arena for dialog med andre reinhaldsleiarar og reinhaldarar. Samlinga tek om lag 3 timar. Samlinga er for reinhaldsleiarar, reinhaldarar og husøkonomar/andre med leiaransvar for reinhaldarar. Det er ein fordel om fleire frå same arbeidsplass deltek saman.

Risikovurdering som HMS-verktøy

Treng du hjelp til å kartlegge og gjennomføre tiltak for å redusere risiko i bedrifta?

Risiko er eit uttrykk for mogeleg tap ei bedrift kan verta utsett for. Bedrifter som kartlegg og gjennomfører tiltak for å redusere risiko vil oppleva at tap og skadar vert reduserte. Bedrifta vert «etterpåklok på førehand». Kurset vil gje ei innføring i korleis ei bedrift kan koma i gang med å bruka risikovurdering som eit HMS-verktøy. Anbefalt tid på kurset er 3 timar, men vi tilpassar kursinnhaldet til din bedrift.

Metodar for stressmeistring

Ønskjer du å lære teknikkar for å handtere stress? Stress kan gjere oss sjuke om vi lar det ta overhand.

For tilsette som er motivert for endring. Kurset seier kort om korleis kroppen reagerer på stress og kvifor vi kan bli sjuke av stress, og går gjennom generelle metodar for å handtere stress, både kva ein kan gjere på kort sikt og meir langsiktig. Det er viktig at deltakarane er motiverte for å gjere små endringar i eige liv.

Tall frå NAV og InFact viser at 4 av 10 opplever ein stressa kvardag. Mest stressa er folk i aldersgruppa 30-44 år. Stress kan vera positivt fordi det aukar evna vår til å løyse problem, men blir det for mykje kan det få helsemessige konsekvensar. Vi reagerer ulikt på stress, nokre tåler mykje og andre lite. Stressnivået hjå den enkelte har tendens til gradvis å auke, slik at vi blir meir og meir van med å ha det stressa. Først når symptoma er merkbare, byrjar vi å forholda oss til korleis vi skal redusere eller unngå stress. Difor er det viktig at kvar enkelt lærer seg å kjenne når stressnivået er kome ut av kontroll. Kurset tek 2 til 3 timar.

Støy- og vibrasjonsopplæring

Er du eller dine tilsette utsatt for støy eller vibrasjonar på arbeidsplassen?

I forskrifta «Utførelse av arbeid», er det krav om opplæring for arbeidstakarar eksponert for støy og vibrasjonar. Arbeidsgjevar skal mellom anna sørge for at tilsette får tilstrekkeleg opplæring av trygge arbeidsmetodar som minskar eksponeringa og risikoen for helseskade. Det inneberer mellom anna informasjon om når det er behov for hørselsvern og korleis dei skal nyttast, tiltaks- og grenseverdiar for eksponering, måleresultat, kva teikn på skader som kan oppdagast og korleis ein skal rapportere.  Kurset tek mellom 2 og 3 timar.