Brannsløkkjekurs

Informasjon om kurset

Kan du handtera ein handsløkkjar, og veit du korleis den verkar? Har bedrifta di gjennomført øving? Alle har ein brannsløkkjar heima eller på jobben, men veldig mange kan ikkje bruka den. Brannvernlova og Internkontrollforskrifta stiller krav til bedrifter og føretak om opplæring i brannvern. Ved eit branntilløp er det for seint å lære seg det. 

På dette kurset får du prøva ulike typar sløkkjeapparat, slik at du er godt rusta til å kunne bruka ein slik i eit branntilfelle. Du får ei enkel innføring i brannvern og lærer om eigenskapane til dei aktuelle sløkkjemidlane.

Det blir først teori i 15-20 min før alle får sløkkja ned med skum eller Co2. Me brenn propan i vassbad og alle får prøva brannteppe på dokke.

Målgruppe: Alle tilsette