HMS-dagen

TEMA PÅ HMS-DAGEN 2017

OMSTILLING OG ENDRING

" Når forandring ikkje fryder " - om å takle endringar v/Per Anders Nordengen

Det sikraste me veit er at alt forandrar seg. Dette gjeld oss alle. Både ute i verda, i privatlivet og på arbeidsplassen kjem omstilling og endringar raskare enn me klarar å henge med.

Når endringane ikkje er sjølvvalgt er det ikkje sant at "forandring fryder". Omstilling kan opplevast truande.

Me kan ikkje unngå endringar men me kan læra oss å meistra dei når dei kjem. Å verte ”endringsdyktig” og å læra seg å leva og jobbe med endringar og omstilling er viktig i dag. 

Vi kjem inn på desse temaene:

  •  Livsglede i livsalvoret - om god psykisk kvardagshelse og om å gjera det beste ut av livet.
  •  I fyr og flamme utan å bli utbrent - om vår tids største paradoks; me har aldri hatt betre tid, men aldri har så mange blitt stressa, slitne og utbrent
  •  Eg ser kva du seier - om kommunikasjon, kroppsspråk og non-verbal formidling

Foredragshaldar Per Anders Nordengen

er ein av landets mest etterspurde foredragshaldarar. Han gjer kvart oppdrag til ei unik oppleving med si muntlige forteljarform og si evne til å formidla alvor med glimt og humor!

Både i næringslivet, i foreiningar og organisasjonar har han underheldt, berørt og engasjert tusenvis av tilhøyrarar.

Han er utdanna prest og jobbar no som foredragshaldar, forfattar og samtaleveiledar. Han har jobba mykje med omstillingar og leiarutvikling og han har vore personalsjef.

Nokre tilbakemeldingar: "Nordengen var helt fabelaktig", "Nordengen som foredragsholder var en skikkelig innertier. Utrolig bra. Tenker fremdeles på hva han sa." , "Motiverende, inspirerende, utrolig givende og tankevekkende".