Arbeidsvarsling - kurs 1, 2 og 3

Informasjon om kurset

Arbeidsvarsling - kurs 1:

Målgruppe:

Alle arbeidstakarar som utfører arbeid på og ved veg skal ha nødvendig opplæring i arbeidsvarsling.

Formål med opplæringa:

Gje deltakarane grunnleggande kunnskap og forståelse for eigen og andre si sikkerheit ved arbeid på eller ved veg, og dei omsyn som der skal takast.

Dei skal også ha kunnskap om dei formelle prosedyrar som skal følgjast før arbeidet vert sett i gang og under sjølve arbeidet.

Oppnådd kompetanse:

Dei som har bestått kurs 1 kan ha ansvar på stad for å føra tilsyn med varsling og sikring på enkle arbeidsplassar. Det forutset då at arbeidsgjevar har ein ansvarlig med kurs type 2.

Opplæringa skal skje i form av klasseromsundervisning og skal innehalde eller avsluttast med en kort test som viser om innhaldet er forstått.

Varighet og pris:

Kurset er normert til 6 timer, normalt fra kl. 0900 til kl. 1500.

Kursavgifta inkluderer materiell, kursbevis, sertifikat, enkel lunsj og kaffi/te.

Har du kurs 2, trenger du ikkje kurs 1.

Oppdatering/resertifisering:

Sertifiseringa er gyldig i 5 år. Re-sertifisering skjer ved gjennomgang av nytt fullstendig kurs 1 innan 5 år.

Dersom testen ikkje vert bestått, skal nytt komplett kurs med eksamen gjennomførast.

 

Arbeidsvarsling - kurs 2:

Målgruppe:

Tilsette som skal fylla rollen som ansvarshavande for arbeidsvarsling.

Det er krav om dokumentert kurs i Arbeidsvarsling 2 for dei som står oppført som ansvarshavande i søknad om å grave i offentlig grunn(Gravemelding)

Forkunnskap:

Ingen forkunnskap for å ta kurset.

Formål med opplæringa:

Formålet er å gje kursdeltakarane ei teoretisk tyngde for å sikra arbeidet i forkant, på ein lovleg og hensiktsmessig måte.

Emner som vert gjennomgått:

  • Introduksjon
  • Lover og regler
  • Skiltforskrifta
  • Grave og arbeidstillatelse
  • Hensikt med varsling og sikring
  • Fysiske lover i trafikken
  • Risikovurdering
  • Krav til arbeidsstaden
  • Framkommelegheit
  • Stans av trafikk
  • Kontroll og sanksjonar

Dei som har bestått kurs 2 kan ha rollen som ansvarhavende.

Kurset avsluttast med eksamen, ein skriftleg teoretisk prøve. Det vert nytta karakterskala; Bestått/Ikkje bestått.

Varighet og pris:

Kurset går over 2 dager, 12 timar.

Kursavgifta inkluderer materiell, kursbevis, sertifikat, enkel lunsj og kaffi/te.

Oppdatering/resertifisering:

Sertifiseringa er gyldig i 5 år. Re-sertifisering skjer ved gjennomgang av nytt fullstendig kurs 1 innan 5 år.

 

Arbeidsvarsling - kurs 3:

Målgruppe:

Personell som skal utføra manuell trafikkdirigering på riks- og eller fylkesveg.

Forkunnskap:

Bestått arbeidsvarslingskurs 1 eller 2, samt førarkort klasse B.

Formål med opplæringa:

Formål med opplæringa er å gje deltakar grunnleggande kjennskap til dei krav skiltmyndighetene set til dei som skal utføra manuell trafikkdirigering på riks- og fylkesvegar.

Deltakarane skal etter gjennomgått kurs ha kjennskap til korleis manuell trafikkdirigering skal utførast i praksis, dei faremoment som en trafikkdirigent kan utsetjast for, og korleis vedkomande best skal beskytta seg under utføring av arbeidet.

Innhald:

  • Introduksjon
  • Personlig sikkerhet
  • Bremselengder, reaksjonstider
  • Tegngivning og adferd
  • Ledebil
  • Trafikkavvikling
  • Krav til varsling
  • Praktisk øvelse

Opplæringa skal skje i form av klasseromsundervisning etterfulgt av praktisk prøve. Denne skal foregå ute på trafikkert veg, og skal skje i henhold til ein godkjent arbeidsvarslingsplan.

Varighet og pris:

Kurset går over 1 dager, 6 timar.

Kursavgifta inkluderer materiell, kursbevis, sertifikat, enkel lunsj og kaffi/te.

Oppdatering/resertifisering:

Sertifiseringa er gyldig i 5 år. Re-sertifisering skjer ved gjennomgang av nytt fullstendig kurs 1 innan 5 år.

                         Dersom avbestilling seinare enn 7 dagar før kurset, vert de belasta med full kursavgift.