Førstehjelpskurs

Generell informasjon

Treng du å friske opp kunnskapen om førstehjelp? Våre kurs varer vanlegvis i tre timar, med fokus på eigen sikkerheit, varsling, vurdering av pust og bevisstheit, praktisk øving på sideleie, hjarte-lunge-redning og praktisk øving på dokke med ein og to hjelparar.

Vi kjem til di bedrift og held kurs. Er de ei lita bedrift, kan de melde dykk på eit av våre planlagde kurs. Er de ei bedrift med spesielle behov, tilpassar vi kurset etter bedrifta sitt ønskje.

 

Førstehjelpskurs, 2-3 timar 

Kurset er eigna for:
Alle tilsette (maks 10 deltakarar per kurs).

Formål med kurset:
Formålet med førstehjelpskurset er å gjere deltakarane i stand til å starte hjarte- og lungeredning. Du lærer iverksetjing av enkle førstehjelpstiltak på ein trygg og effektiv måte.

Kursinnhald:

·       Hjarte-lunge-redning

·       Eigen sikkerheit

·       Varsling

·       Vurdering av pust og bevisstheit

·       Hjartestartar

Vi jobbar praktisk og trener på å komme raskt i gang. Dei som deltek på våre kurs, får trene på å vere åleine og med to eller fleire reddarar. Fordeling av arbeidsoppgåver og effektiv byte av arbeidsoppgåver er viktig, og det å bli einig om når og kven som hentar hjertestartar (dersom den er i nærleiken).

 NB! Ved avbestilling seinare enn 7 dagar før kurset, vert de belasta med full kursavgift.

 Sjå kursplan

Ingen kommande kurs som passar? Ta kontakt - vi set opp kurs på bestilling.