Sertifisert våtromsarbeidar

Generell informasjon

Vi tilbyr kurs i sertifisert våtromsarbeidar. Vi tilbyr også oppdatering i byggebransjens våtromsnorm  (BVN) for deg som vil oppdatere sertifikatet. BVN er ei bransjenorm for planlegging og utføring av vatnskadesikre, funksjonelle våtrom med høg kvalitet og lang levetid. Etter kurset kan bedrifta stå oppført i FFVs (Fagrådet for våtrom) lister over godkjente våtromsbedrifter, og marknadsføre seg med BVNs logo med «godkjent våtromsbedrift».

Vi held kurset i samarbeid med Byggeveiledning AS.

 

Sertifisert våtromsarbeidar - 1 dag, heimeoppgåve og eksamen 1/2 dag

Kurset er eigna for:  
Alle handverksfag som jobbar på våtrom og ønskjer å bli sertifisert. 

Formål med kurset: 
Gjere deg til ein sertifisert våtromsmedarbeider. 

Forkunnskap: 
Fag- eller sveinebrev, eller 5-års dokumentert praksis innan eitt handverksfag. Deltakarar med fag- og sveinebrev treng ikkje å dokumentera praksis.

Kurshaldar: 
Byggeveiledning AS (Fagrådets største arrangør av våtromskurs).

Varigheit:
Kurset varar ein dag forelesning, heimeoppgåve og en halv dag med eksamen. Kursavgift inkluderer mat, materiell, eksamen og kursbevis.

Etter heimeoppgåver med video og ein fullført/godkjent eksamen vil du få tilsendt eit bevis som viser din status som sertifisert våtromsarbeider i høve til BVN.

Ved avbestilling seinare enn 7 dagar før kurset, vert de belasta med full kursavgift.

 Sjå kursplan

Ingen kommande kurs som passar? Ta kontakt - vi set opp kurs på bestilling.

 

 

Oppdatering i byggebransjens våtromsnorm (BNV) - 1 dag

Kurset er eigna for:
Alle handverksfag som jobbar på våtrom og ønskjer å oppdatere sitt sertifikat. Det er krav om oppdatering for dei som har eksisterande sertifikat. Det betyr at alle med eldre sertifikat enn 5 år må oppdaterast i år. Om dette ikkje blir gjort må dei ta hele kurset på nytt med ny eksamen.

Sjå da evt. på kurset «Sertifisert våtromsmedarbeider» med heimeoppgåve og eksamen etter 14 dagar. 

Formål med kurset: 
Gjere deg til ein sertifisert våtromsmedarbeider. 

Forkunnskap: 
Inneha BVN-sertifikat. Du vil få tilsendt eit nytt sertifikat etter å ha delteke på kurset.

Kurshaldar: 
Byggeveiledning AS (Fagrådets største arrangør av våtromskurs).

Varigheit:
Kurset varar ein dag. Kursavgift inkluderer mat, materiell, eksamen og kursbevis.

 NB! Ved avbestilling seinare enn 7 dagar før kurset, vert de belasta med full kursavgift.

 Sjå kursplan

Ingen kommande kurs som passar? Ta kontakt - vi set opp kurs på bestilling.