Om Bedriftshelse1

Engasjert, Nær og Aktiv

 

Bedriftshelse1 samarbeider med bedriftene gjennom førebyggjande arbeid, med mål om å gjere arbeidsmiljøet i bedriftene best mogleg. Våre tenester og løysingar skal førebyggje utfordringar knytta til arbeidsmiljø, helse og livsstil. Desse utfordringane endrar seg som samfunnet elles, og vi ser det som vår oppgåve og vere forut og orienterte om desse endringane, slik at medlemmane våre får dei beste tenestene og det beste arbeidsmiljøet. Vi tilsette i Bedriftshelse1 er engasjerte i, og opptekne av at medlemmane våre skal få kjappe og målretta tenester.    

Bedriftshelse1 er den største lokalt forankra bedriftshelsetenesta på Vestlandet, og vi er lokalisert i Sogndal (hovudkontor), Årdal, Nordfjordeid, Stryn, Ulsteinvik, Florø, Førde, Voss, Norheimsund og Odda og har i tillegg avdelingskontor i Luster, Vik, Balestrand, Årdalstangen og Lærdal. Vi vil vere nær kunden, både for å forstå dei, men også for at dei skal kjenne oss. 

Vi er eit samvirke og har som interesse å bistå arbeidslivet på Vestlandet til å få gode og effektive arbeidsdagar. Fordi vi har lokal forankring og lokal leiing i alle avdelingar, kan vi gje kjappe, målretta og miljøeffektive tenester både til små bedrifter rundt omkring i fjordarmane og til store industriar. Eit av våre viktigaste mål er å kunne vere raskt ute til alle våre medlemmar.  

Bedriftshelse1 har 60 høgt kvalifiserte medarbeidarar innan alle fagfelt som angår arbeidsmiljø, og vi er klare til å bistå bedriftene. Høg kompetanse, saman med god lokalkunnskap og eit genuint ynskje om at arbeidslivet på Vestlandes skal vere bra, gjer oss til ein aktiv, effektiv og naturleg samarbeidspart.

Bedriftshelse1 er godkjend av Arbeidstilsynet og er ei tverrfagleg, felles bedriftshelsetenesteordning. Vi har vore etablert i bransjen sidan 1984, har stor bransjekunnskap og eit godt renommé. Bedriftshelse1 er ein samanfatning av tidlegare mindre lokale bedriftshelsetenester som har gått saman om å gje enda betre tenester og samstundes ivareta det lokale engasjementet.

Ring oss gjerne for ein prat eller kontakt oss her.

Våre kundar skal ha dei mest friske , engasjerte og lønnsame medarbeidarane.
— Vår visjon i Bedriftshelse1

Inn/utmelding av tilsette

Her kan du fylle ut skjema for inn- og utmelding av tilsette.

Har bedrifta mange inn- eller utmeldingar kan du sende ei samla liste på epost.

Vanlege spørsmål - FAQ

Her får du svar på fleire vanlege spørsmål som me i Bedriftshelse1 får:

Har verksemda vår krav til å ha bedriftshelseteneste?

  • Alle verksemder har ein næringskode, denne koden kan du finne i Brønnøysundregistrene ved å søke opp verksemda her.

  • Alle verksemder som har krav til å ha bedriftshelseteneste vil finne næringskode eller bransje under §13.1 her.


Kan verksemda vår bruke fastlege eller annan helseteneste som bedriftshelseteneste?

  • Nei, etter lovendringa 01.01.2010 er det eit krav til at verksemda skal vere knytt til ei bedriftshelseteneste som er godkjend av Arbeidstilsynet. Krav til godkjenning er dokumentert nærare her.


Er Bedriftshelse1 godkjend av Arbeidstilsynet?

  • Ja, Bedriftshelse1 er godkjend av Arbeidstilsynet. Kopi av godkjenningsbevis får du ved å ta kontakt.

 

Er det krav til korleis verksemda vår skal bruke bedriftshelsetenesta?

  • Ja, etter lovendringa 01.01.2010 stiller Arbeidstilsynet krav til bedrifta si bruk av bedriftshelsetenesta. Sjå nærare under § 4 og § 5 om kva krav som gjeld.

 

Kva kostar det for verksemda vår å ha ei bedriftshelseteneste?

 

Kva krav gjeld for vår verksemd?

  • regelhjelp.no får du god oversikt over kva lover og forskrifter som gjeld for di verksemd og bransje. Tast inn organisasjonsnummer eller namnet på verksemda.

 

Har verksemda vår krav til å gjennomføre ei risikovurdering og kva er det?

  • I samsvar med internkontrollforskrifta har alle verksemder krav på seg til å kartleggje farar og vurdere risiko, i tillegg til å utarbeide planar og tiltak for å redusere risikoforhold. Dokumentasjonen skal vere skriftleg. Meir informasjon om kva ei risikovurdering er og korleis ein kan gjennomføre dette finn du òg på Arbeidstilsynet sine sider.

 

Kvar finn eg dei nye sjukefråværreglane og har verksemda vår krav til å gjennomføre dialogmøte?

 

Kan verneombod, arbeidstakarar og medlemar av arbeidsmiljøutvalet kontakte Bedriftshelse1 når dei sjølv føler behov for det, utan å involvere arbeidsgjevar?