Om Bedriftshelse1

Bedriftshelse1 arbeider saman med bedriftene gjennom førebyggjande arbeid med mål om å gjere arbeidsmiljøet i bedriftene best mogleg. Våre løysingar skal førebyggje utfordringar knytta til arbeidsmiljø, helse og livsstil.

Bedriftshelse1 er den største lokalt forankra bedriftshelsetenesta på Vestlandet, og vi er lokalisert i Sogndal (hovudkontor), Årdal, Nordfjordeid, Stryn, Florø, Voss, Norheimsund og Odda og har i tillegg avdelingskontor i Leikanger, Luster, Vik, Balestrand, Årdalstangen, Lærdal,  Førde og Ulsteinvik.

Bedriftshelse1 har 60 høgt kvalifiserte medarbeidarar innan fleire ulike fagfelt som er klare til å bistå bedriftene.

Bedriftshelse1 er godkjend av Arbeidstilsynet og er ei tverrfagleg, felles bedriftshelsetenesteordning. Vi har vore etablert i bransjen sidan 1984, har stor bransjekunnskap og eit godt renommé.

Me skal gje kundane våre dei mest motiverte medarbeidarane
— Vår visjon i Bedriftshelse1

Inn/utmelding av tilsette

Her kan du fylle ut skjema for inn- og utmelding av tilsette.

Har bedrifta mange inn- eller utmeldingar kan du sende ei samla liste på epost.

Aktuelt frå Bedriftshelse1

Vanlege spørsmål

Her får du svar på fleire vanlege spørsmål som me i Bedriftshelse1 får:

Har verksemda vår krav til å ha bedriftshelseteneste?

  • Alle verksemder har ein næringskode, denne koden kan du finne i Brønnøysundregistrene ved å søke opp verksemda her.
  • Alle verksemder som har krav til å ha bedriftshelseteneste vil finne næringskode eller bransje under §13.1 her.


Kan verksemda vår bruke fastlege eller annan helseteneste som bedriftshelseteneste?

  • Nei, etter lovendringa 01.01.2010 er det eit krav til at verksemda skal vere knytt til ei bedriftshelseteneste som er godkjend av Arbeidstilsynet. Krav til godkjenning er dokumentert nærare her.


Er Bedriftshelse1 godkjend av Arbeidstilsynet?

  • Ja, Bedriftshelse1 er godkjend av Arbeidstilsynet. Kopi av godkjenningsbevis får du ved å ta kontakt.

 

Er det krav til korleis verksemda vår skal bruke bedriftshelsetenesta?

  • Ja, etter lovendringa 01.01.2010 stiller Arbeidstilsynet krav til bedrifta si bruk av bedriftshelsetenesta. Sjå nærare under § 4 og § 5 om kva krav som gjeld.

 

Kva kostar det for verksemda vår å ha ei bedriftshelseteneste?

 

Kva krav gjeld for vår verksemd?

  • regelhjelp.no får du god oversikt over kva lover og forskrifter som gjeld for di verksemd og bransje. Tast inn organisasjonsnummer eller namnet på verksemda.

 

Har verksemda vår krav til å gjennomføre ei risikovurdering og kva er det?

  • I samsvar med internkontrollforskrifta har alle verksemder krav på seg til å kartleggje farar og vurdere risiko, i tillegg til å utarbeide planar og tiltak for å redusere risikoforhold. Dokumentasjonen skal vere skriftleg.  Meir informasjon om kva ei risikovurdering er og korleis ein kan gjennomføre dette finn du òg på Arbeidstilsynet sine sider

 

Kvar finn eg dei nye sjukefråværreglane og har verksemda vår krav til å gjennomføre dialogmøte?

 

Kan verneombod, arbeidstakarar og medlemar av arbeidsmiljøutvalet kontakte Bedriftshelse1 når dei sjølv føler behov for det, utan å involvere arbeidsgjevar?