Vanlege spørsmål - FAQ

 
  • Alle verksemder har ein næringskode, denne koden kan du finne i Brønnøysundregistrene ved å søke opp verksemda her.

    Alle verksemder som har krav til å ha bedriftshelseteneste vil finne næringskode eller bransje under §13.1 her.

  • Nei, etter lovendringa 01.01.2010 er det eit krav til at verksemda skal vere knytt til ei bedriftshelseteneste som er godkjend av Arbeidstilsynet. Krav til godkjenning er dokumentert nærare her.

  • Ja, Bedriftshelse1 er godkjend av Arbeidstilsynet. Kopi av godkjenningsbevis får du ved å ta kontakt.

  • Ja, etter lovendringa 01.01.2010 stiller Arbeidstilsynet krav til bedrifta si bruk av bedriftshelsetenesta. Sjå nærare under § 4 og § 5 om kva krav som gjeld.

     

  • Prisane varierer noko avhengig av bransje og tal tilsette. Ta kontakt med oss for eit pristilbod.

  • I samsvar med internkontrollforskrifta har alle verksemder krav på seg til å kartleggje farar og vurdere risiko, i tillegg til å utarbeide planar og tiltak for å redusere risikoforhold. Dokumentasjonen skal vere skriftleg. Meir informasjon om kva ei risikovurdering er og korleis ein kan gjennomføre dette finn du òg på Arbeidstilsynet sine sider.

  • Frå 1. juli 2014 er regelverket endra for å gjere sjukefråværsoppfølginga enklare og meir målretta.

    På NAV sine nettsider finn du informasjon om: Slik følger du opp sykmeldte - nav.no

    Arbeidsplassen er den viktigaste arenaen for førebygging og oppfølging av sjukefråvær. Både arbeidsgjevar, arbeidstakar, bedriftshelseteneste, sjukmeldar og NAV har ansvar: Hvem gjør hva i sykefraværsarbeidet? - nav.no

    Her kan du sjå kva innhald dialogmøta skal ha:

    Dialogmøte 1 - arbeidsgiveren - nav.no

    Dialogmøte 2 og 3 - NAV - nav.no

  • Ja, arbeidsgjevar skal syte for at bedriftshelsetenesta bistår ved kontakt frå arbeidstakar, verneombod og arbeidsmiljøutval i samsvar med forskrift om bruk av godkjend bedriftshelseteneste. Men Bedriftshelse1 set ikkje i verk tiltak før dette er avtalt med verksemda. Les meir på arbeidstilsynet.no.