Yrkeshygiene

Bedriftshelse1 kan hjelpe arbeidsgjevar med å sikra at arbeidsmiljøet stettar krava i Arbeidsmiljøloven §4-4. Vi kan hjelpe verksemda med å identifisera og kartlegga fysiske, kjemiske og biologiske faktorar og utføring av yrkeshygieniske målingar, jf. Forskrift om utførelse av arbeid kap.3. Bedriftshelse1 kan medverke i vurdering av risiko og kome med forslag til tiltak for å eliminera eller redusera helserisiko. Vi kan bistå i vurdering av arbeidsmiljøet for sårbare grupper.

Vi tilbyr :

  • Støymåling og kartlegging av støysoner. Vurdering av støydempande tiltak.

  • Eksponeringsmålingar av kjemiske faktorar /gassar

  • Støvmåling

  • Måling av hand- og armvibrasjon

  • Måling av heilkroppsvibrasjon

  • Kartlegging av biologiske faktorar ved eksponeringsmålingar og materialprøvar

  • Kartlegging av inneklima

  • Lyskartlegging

  • Måling av radon

  • Stoffkartotek og sikkerheitsdatablad

  • Verneutstyr: informasjon og opplæring om type, bruk og oppbevaring av verneutstyr.

  • Informasjon, undervisning og opplæring innan yrkeshygieniske tema

  • Råd i planlegging av nybygg og ombygging