Bedriftshelse1 har kjøpt opp dinHMS og dannar dinHMS-gruppen saman med partnarar

Bedriftshelse1, Medco, Arsana og Follo bedriftshelseteneste har kjøpt opp dinHMS og dannar nettverket dinHMS-gruppen.

Bedriftshelse1 kan i dag kunngjere at vi saman med våre gode samarbeidspartar gjennom mange år   – Arsana i Bergen, Medco i Stavanger og Follo BHT i Østfold, har kjøpt opp den landsdekkande bedriftshelsetenesta dinHMS.

dinHMS har hovudkontor i Oslo og er spesielt sterke innan hotell, restaurant og tenesteytande næringar, men dei har også kundar innan alt frå handverksbransjar til offshorenæringen. Sjå og www.dinhms.no

Vi vil i denne samanheng tre ut av samarbeidet vi i dag har gjennom TRYGG1. Dette vil bli gjennomført i samsvar med gjeldande avtale i TRYGG1 og vi vil levera tenester til eksisterande TRYGG1-kundar i eit år etter oppseiinga som blei gjort før sommaren. Det ligg ingen dramatikk i dette, vi konstaterer at vi var ueinige om den vidare utviklinga av TRYGG1 og deira strategi for vidare forretningsmodell.

Med dette kjøpet av dinHMS styrker Bedriftshelse1 sin posisjon med landsdekkande leveransar. Vi vil og gjennom det nye nettverket fortsette å gi leveransar til våre eksisterande kundar med høg kvalitet også utanfor vår eigen region, som i dag er heile Sogn og Fjordane, Søre- Sunnmøre, Voss og Hardanger.

Bedriftshelse1 og våre samarbeidspartar vil saman med dinHMS ha ei samla omsetning på over hundre millionar kroner og nettverket vil være mellom dei største aktørane i bedriftshelseteneste-bransjen i Norge. Like viktig som omsetning er at vi er godt over hundre kompetente medarbeidarar som er lokalisert der våre kundar faktisk er, og som vil utveksle erfaringar og danne eit fagleg nettverk. Vi er i den nye dinHMS-gruppen godt i gang med å knytte til oss nye samarbeidspartnarar som ytterlegare vil auke vår sterke lokale tilknyting. Dette gjer at det nye samarbeidet i dinHMS-gruppen allereie ved lansering har ei god dekning over heile landet. I tillegg har dinHMS ein modell med omreisande HMS-rådgjevarar på stadar kor vi ikkje har kontor. dinHMS har bl.a. fleire av dei største hotellkjedene som landsdekkande kundar og har hatt det i mange år.

Vi i Bedriftshelse1 er spesielt nøgd med at denne satsinga blir gjort i samarbeid med selskap som vi kjenner godt og som vi veit leverer tenester i tråd med den høge standarden vi krev av oss sjølv. Dette gjev våre kundar ein garanti for at dei vil oppleva same høge tenestekvalitet uansett kor i Noreg dei ynskjer tenestene levert.

Har du spørsmål rundt vårt samarbeid i dinHMS-guppen, ta kontakt med dagleg leiar Randi Marie Sjøholt.

NyheitGasta Design