Systematisk HMS-arbeid

Systematisk HMS-arbeid er alle systematiske tiltak som sikrar at bedrifta sine aktivitetar vert utført i tråd med myndigheitskrav og internt regelverk for å førebyggje ulykker og skadar på tilsette, miljø og materiell. Vi i Bedriftshelse1 er opptekne av at førebyggjande, systematisk HMS-arbeid over tid er mest effektivt og minst ressurskrevjande. Våre tilsette har kompetansen og erfaring og kan hjelpe også di bedrift eller organisasjon. Under finn du nokre av tenestene vi tilbyr på dette feltet. Ta gjerne kontakt med oss for meir informasjon.

Delta på Vernerundar

Vernerundar inngår som ein viktig del i eit systematisk HMS-arbeide og skal medverke til å gje gode og sikre arbeidsforhold ved å avdekke og følgje opp mangelfulle eller uforsvarlege forhold. Vi i Bedriftshelse1 ser på vernerundar som eit godt verktøy for å fokusere på førebyggjande innsats.

Arbeidsmiljøutval (AMU)

Alle verksemder med minst 50 tilsette har plikt til å opprette arbeidsmiljøutvalg (AMU). Hvis ein av partane i ei verksemd med mellom 20 og 50 tilsette krev at det skal vere AMU, må dette opprettast. Bedriftshelse1 deltek på AMU og gjev råd og opplæring til nye medlemmer i arbeidsmiljøutval. Vi deltek også i Attførings- og
AKAN -utval .

Oppbygging og revisjon av HMS-system

Alle bedrifter har krav om å dokumentere HMS-arbeid m.a. for å sikre kontinuerleg arbeid for betre arbeidsmiljø. Forskrifta om systematisk HMS-arbeid har til hensikt å sikre at måla bedriftene set blir oppnådd. Bedriftshelse1 tilbyr hjelp med å byggje opp eit system som er hensiktsmessig og dekkjer dei krava myndigheitane set. Vi tilbyr også jamleg revisjon av HMS-system ved å delta på internkontroll-revisjonar. Vi utarbeidar revisjonsrapportar og kjem med tilrådingar på korrigerande tiltak.