Om Bedriftshelse1

God lokalkunnskap, høg kompetanse og eit genuint ønskje om gode arbeidsliv på Vestlandet. Vi ønskjer å vere din naturlege partnar!

Våre kundar skal ha friske og engasjerte medarbeidarar.
— Visjon i Bedriftshelse1
 

Førebygg med bedriftshelseteneste

Saman med kundane våre jobbar vi med å gjere arbeidsmiljøet i bedriftene best mogleg. Våre løysingar skal førebyggje utfordringar knytta til arbeidsmiljø, helse og livsstil.

Vår oppgåve er å vere forut for endringar i samfunnet, slik at medlemmane kan oppdatere og bedre tenester og arbeidsmiljø etter dette. Vi er oppteken av at medlemmane våre skal få målretta tenester kjapt levert. 

Lokal forankring

Vi er den største lokalt forankra bedriftshelsetenesta på Vestlandet, lokalisert i Sogndal (hovudkontor), Årdal, Høyanger, Nordfjordeid, Stryn, Ulsteinvik, Florø, Førde, Voss, Norheimsund og Odda - i tillegg til avdelingskontor i Vik, Baletrand, Årdalstangen, Lærdal, Ørsta, Bremanger og Sandane.

Vi vil vere nær kunden, både for å forstå dei og for at dei skal kjenne oss. 

Høg kompetanse

Vi har 50 høgt kvalifiserte medarbeidarar innan alle fagfelt som angår arbeidsmiljø. Høg kompetanse, og eit genuint ynskje om at arbeidslivet på Vestlandet skal vere bra, gjer oss til ein aktiv og effektiv samarbeidspartnar.

Bedriftshelse1 er ei tverrfagleg, felles bedriftshelsetenesteordning, godkjend av Arbeidstilsynet. Vi har vore etablert i bransjen sidan 1984, har stor bransjekunnskap og eit godt renommé. Bedriftshelse1 er ein samanfatning av tidlegare mindre, lokale bedriftshelsetenester som har gått saman om å gje betre tenester - og samstundes ivareta lokalt engasjementet.

Med høg kompetanse og lokal forankring, kan vi tilby målretta og miljøeffektive tenester til både små bedrifter og større industriar.

Eit av våre viktigaste mål er å kunne vere raskt ute til alle medlemmane våre.  

Inn- og utmelding av tilsette

Her kan du fylle ut skjema for inn- og utmelding av tilsette. Har bedrifta mange inn- eller utmeldingar, kan du sende ei samla liste til oss på e-post.

Vanlege spørsmål - FAQ

 
  • Alle verksemder har ein næringskode, denne koden kan du finne i Brønnøysundregistrene ved å søke opp verksemda her.

    Alle verksemder som har krav til å ha bedriftshelseteneste vil finne næringskode eller bransje under §13.1 her.

  • Nei, etter lovendringa 01.01.2010 er det eit krav til at verksemda skal vere knytt til ei bedriftshelseteneste som er godkjend av Arbeidstilsynet. Krav til godkjenning er dokumentert nærare her.

  • Ja, Bedriftshelse1 er godkjend av Arbeidstilsynet. Kopi av godkjenningsbevis får du ved å ta kontakt.

  • Ja, etter lovendringa 01.01.2010 stiller Arbeidstilsynet krav til bedrifta si bruk av bedriftshelsetenesta. Sjå nærare under § 4 og § 5 om kva krav som gjeld.

     

  • Prisane varierer noko avhengig av bransje og tal tilsette. Ta kontakt med oss for eit pristilbod.

  • I samsvar med internkontrollforskrifta har alle verksemder krav på seg til å kartleggje farar og vurdere risiko, i tillegg til å utarbeide planar og tiltak for å redusere risikoforhold. Dokumentasjonen skal vere skriftleg. Meir informasjon om kva ei risikovurdering er og korleis ein kan gjennomføre dette finn du òg på Arbeidstilsynet sine sider.

  • Frå 1. juli 2014 er regelverket endra for å gjere sjukefråværsoppfølginga enklare og meir målretta.

    På NAV sine nettsider finn du informasjon om: Slik følger du opp sykmeldte - nav.no

    Arbeidsplassen er den viktigaste arenaen for førebygging og oppfølging av sjukefråvær. Både arbeidsgjevar, arbeidstakar, bedriftshelseteneste, sjukmeldar og NAV har ansvar: Hvem gjør hva i sykefraværsarbeidet? - nav.no

    Her kan du sjå kva innhald dialogmøta skal ha:

    Dialogmøte 1 - arbeidsgiveren - nav.no

    Dialogmøte 2 og 3 - NAV - nav.no

  • Ja, arbeidsgjevar skal syte for at bedriftshelsetenesta bistår ved kontakt frå arbeidstakar, verneombod og arbeidsmiljøutval i samsvar med forskrift om bruk av godkjend bedriftshelseteneste. Men Bedriftshelse1 set ikkje i verk tiltak før dette er avtalt med verksemda. Les meir på arbeidstilsynet.no.