Ergonomi
Ergonomi omhandlar tilpassinga mellom menneske, teknikk og arbeidsmiljø. Dette kan vere fysiske, psykiske og/eller organisatoriske faktorar. Målet med god ergonomi er ikkje berre å unngå muskel- og skjelettplager, men og å auke produktivitet, effektivitet og arbeidsglede.
Bedriftshelse1 kan hjelpe med råd og prosessar for å finne dei rette tiltaka i din bedrift.
Vi kan blant anna hjelpe i arbeid med:
Risikovurdering og forslag om aktuelle tiltak.
Kartlegging av ergonomiske forhold i din bedrift
Oppfølging og rettleiing av tilsette på deira arbeidsplass
Sjukefråværs-/nærværs-arbeid og bistand ved tilrettelegging
Planlegging av nybygg og ombygging
Rådgiving ved innkjøp av nytt utstyr (verktøy, maskiner, kontorinnredning med meir)
Utforming og planlegging av helsefremjande arbeidsplassar