Psykososialt arbeidsmiljø

Psykososialt arbeidsmiljø handlar om korleis vi har det på jobb. Både korleis arbeidet er organisert og korleis det sosiale samspelet er, vil påverke helsa vår.

Konflikt

Når konfliktar ikkje gjeld sak lenger, blir det ofte ei låst utfordring for dei relasjonane som er involverte . Med utgangspunkt i arbeidsgjevar sine prosedyrar, kan vi medverke på ulike måtar innan konflikthandtering.

  • Bistå arbeidsgjevar med å kartlegge arbeidsmiljøet ved hjelp av ulike metodar, som faktaundersøking og mekling, med intervju og spørjeskjema. Det blir lagt fram rapport med oppsummering og evt. forslag til vidare tiltak.
  • Individuelle samtalar for å kartlegge løysingar og støttesamtalar.

Trakassering

Arbeidstakar skal vera sikra mot fysiske og psykiske skadeverknader på jobb, jmf. AML § 4-1.Når ein opplever seg trakassert er det viktig å føle seg forstått. Menneske oppfattar trakassering ulikt og kvar sak er unik. Vi har retningslinjer for korleis vi kan medverke og handtere slike saker.

  • Bistå med faktaundersøking og rett saksbehandling.
  •  Støttesamtalar.

Krise- og ulykkeshandtering

Akutte, uforutsette hendingar kan ramme menneske på ein slik måte at livet blir endra brått og brutalt. Vi kan hjelpe tilsette som har behov for samtale eller oppfølging etter alvorlege hendingar.

Truslar og vold

Dette er eit arbeidsmiljøproblem som kan få alvorlege konsekvensar for den enkelte si arbeidsglede, trivsel og kvalitet på arbeidet. Vi held kurs i korleis førebygge truslar og vold. Vi kan og tilby samtale/støttesamtale.

Stress

24t.mennesket. Livet er prega av raske endringar, konkurranse, høgt tempo og at vi alltid er tilgjengelege. Negativt stress over tid kan gje helseplager og bør takast på alvor. Vi kan tilby kurs, samtalar og veiledning om kva endringar som må til.

Organisatoriske forhold

Vi kan gje veiledning ved omstillings- og endringsprosessar.

  • Leiarstøtte i vanskelege personalsaker
  • Medarbeidarsamtalen
  • Den nødvendige samtalen

Individuelle samtalar

Vi kan tilby individuelle samtalar og oppfølging ved ulike problemstillingar. Målet er å hjelpe leiinga med å førebygge sjukefråvær.