Arbeidshelse
Arbeidshelsa er forholdet mellom arbeid og helsa. Fokuset er å førebygge arbeidsrelatert sjukdom og skade, ved å fremme sunne og trygge arbeidsforhold i arbeidslivet og gje råd ved oppståtte arbeidsrelaterte helseskader.
Arbeidshelsa er forholdet mellom arbeid og helsa. Fokuset er å førebygge arbeidsrelatert sjukdom og skade, ved å fremme sunne og trygge arbeidsforhold i arbeidslivet og gje råd ved oppståtte arbeidsrelaterte helseskader.
Målretta helsekontroll skal avdekke og førebygge helserisiko som følgje av arbeidet. Det er arbeidsgjevar som har det overordna ansvaret for å kartlegge kva arbeidstakar som har behov for helseovervaking.
Vi som bedriftshelseteneste ønskjer å være fagressursen som kan gje gode råd til arbeidsgjevar.
Vi utfører målretta helsekontroll i tråd med “forskrifter om utførelse av arbeid” der tilsette er eksponert for blant anna:
Kjemiske/biologiske faktorar
Støy
Vibrasjon
Støv, gass, røyk, asbest
Muskel-skjelett-belastningar
Natt-/skiftarbeid m.m.
Målretta helsekontroll vert gjennomført kvart 3. år, eller etter gjeldande tilrådingar/føresegner. Det blir også gjennomført ved nytilsetjing og/eller ved avslutta arbeidsforhold.
Helsekontrollane kan blant anna innehalde:
Spirometri (lungefunksjonstest)
Audiometri (høyrselstest)
Blodtrykksmåling
Kartlegging/samtale av arbeidshelse, det fysiske og psykososiale arbeidsmiljøet.
Evt. laboratorieprøvar
AKAN er Arbeidslivets kompetansesenter for rus og avhengighets -problematikk. Bedriftshelse1 kan gje generelle råd til leiinga i bedrifter, i tillegg til individuell oppfølging for den tilsette det gjeld.