Bedriftssjukepleiar - Voss

Bedriftssjukepleiar – fast 100% stilling

Dette er kanskje jobben for deg! Du er sjukepleiar, likar varierte utfordringar og er løysingsorientert. Saman med dyktige kollegaer vil du vere med å utvikle Bedriftshelse1 vidare, slik at vi til ei kvar tid kan møte kundane sine behov.

Arbeidsstad blir ved kontoret vårt på Voss.

Arbeidsoppgåver:

  • Arbeidshelsekontrollar, laboratoriearbeid, yrkesvaksinasjon og eksponeringskartlegging

  • Kurs og opplæring. T.d. førstehjelpskurs

  • Ansvarleg for oppfølging av eigen kundeportefølje

  • Individuell tilrettelegging og rådgjeving til kundar

  • HMS-rådgiving 

Kvalifikasjonar:

  • Autorisert sjukepleiar med bch. grad

  • Det er ein fordel med erfaring frå bedriftshelseteneste eller tilsvarande arbeid

  • Fordel med erfaring innafor arbeidshelse, sjukefråværsoppfølging og AKAN

  • God norsk og engelsk skriftleg og munnleg

  • Har grunnleggande gode datakunnskapar

Vi ser etter deg som har:

  • Variert erfaring og likar samarbeid med kundar

  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevne

  • God relasjonsbyggar

  • God på gjennomføring

  • Er nøyaktig, strukturert og løysingsorientert

  • Må ha førarkort og disponere eigen bil

Vi kan tilby:

  • Ei spennande og utfordrande stilling, der du kan vere med å påverke og utvikle deg fagleg og personleg

  • Eit tverrfagleg og godt arbeidsmiljø

  • Fleksitidsordning

  • Lønn etter fast avtaleverk

  • Gode pensjons- og personalforsikringsordningar


Søknadsfrist er 05.05.2024

Ta kontakt med regionleiar Kjersti Eide mobil: 400 66 111, om du har spørsmål om stillinga. Send søknad med god informasjon om kvifor du søker stillinga og legg ved attestar og vitnemål til søknaden. Søknad sender du til post@bedriftshelse1.no.


Om Bedriftshelse1

Bedriftshelse1 er ei offentleg godkjend bedriftshelseteneste som leverer førebyggande tenester innan helse, miljø og sikkerheit. Vi er eit tverrfagleg team på ca. 50 medarbeidarar, med brei erfaring og eit godt omdømme. Vi har stor bransjekunnskap og legg vekt på fagleg oppdatering og utvikling. Med 11 bemanna kontor er Bedriftshelse1 den største lokalt forankra bedriftshelsetenesta på Vestlandet.

Gasta Design