Covid19-testing - når bedrifta treng det!
Du hugsar sikkert hausten 2020, då smittebølge nummer to herja, og sette press på sjukehuskapasiteten og smittevernberedskapen. Mange av bedriftene våre hadde jobba godt med risikovurderingar og -tiltak for å halde smitten ute, og produksjonen i gong - fleire med god bistand frå Bedriftshelse1. Testaktiviteten i helsetenesta var komen godt i gong etter første smittebølga, men brått vart det mangel på testutstyr, og etter råd frå Helsedirektoratet og FHI, kom hastevedtaket med forskrift om at apoteka skulle prioritere leveransar av Covid19-testutstyr til primærhelsetenesta.
Vi i Bedriftshelse1 sette sjølvsagt våre planar om testing for våre bedriftskundar på vent i ein slik situasjon, i påvente av ein meir normal forsyningssituasjon til sjukehus, lege- og testsenter rundt i kommunane.
Bedriftshelse1 tilbyr no Covid19-testing til bedrifter
I skrivande stund er forsyningssituasjonen igjen tilfredsstillande, og våre lokalkontor rundt om i Vestland og på Møre, tilbyr no bedrifter som ønskjer det både vanleg Covid19-test (PCR-test m. svar frå testlaboratorium etter 1-2 døgn) og hurtigtesting (svar etter ca. 15 min.). Våre dyktige sjukepleiarar, bioingeniørar og legar utfører testane på dine tilsette etter gjeldande prosedyrar, og med godkjent utstyr. Eit trygt val for bedrifta, og for den enkelte tilsette som tek testen!
Berre symptomfrie får test hos oss
Merk at vi utfører berre testing av symptomfrie personar! Har nokon av dine tilsette luftvegs-symptom eller andre klassiske symptom på virussjukdom, skal dei ikkje testast hos oss, men må straks kontakte helsetenesta i eigen kommune og bestille testing, og få vidare oppfølging der.
Arbeidsinnvandrarar kjem raskare i arbeid
Fleire av kundane i vårt område har ein eller fleire utanlandske tilsette eller leigearbeidarar i bedrifta, og mange er avhengige av desse for å oppretthalde produksjon og sikre nøkkelkompetanse i bedrifta. Då er det viktig at desse etter innreise får ei rask avklaring ved hjelp ein negativ Covid19-test, slik at dei snarast råd kjem i arbeid og kan avbryte karantenetida.
Vi kjem til deg og testar
Testing hos oss er eit godt alternativ når det hastar å få stadfesta at friske tilsette ikkje er smitta, slik at dei kan starte arbeidet. Er tidsfaktoren kritisk, reiser vi også etter avtale ut i di bedrift og gjer jobben der. Etter nærare avtale kan vi og utføre testinga utanfor ordinær arbeidstid. Innsparinga for bedrifta kan vere stor dersom ein unngår at mange tilsette må reise til/frå kommunalt testsenter og truleg måtte stå i kø der for å få utført testen, eller i verste fall bli avvist der fordi friske personar utan symptom ikkje blir prioritert.
Ta kontakt for tilbod!
Vi tilbyr vår Covid19-testing som ei betal-teneste, men prisen bedrifta betalar pr. test toler godt ei samanlikning med den alternative kostnaden bedrifta ville hatt med tapt arbeidstid, dagbøter pga produksjonstap og forseinka leveransar, reiser til/frå offentleg testsenter, ventetid osv.
Kontakt oss gjerne for pristilbod på testing!