Velkommen til HMS-dagen på Voss 4. november


Vi inviterer til HMS-dag 4. november 2026 – ein dag med inspirasjon, innsikt og gode samtalar om arbeidslivet. Årets tema er “Frå uro til kontroll: Leiars handtering av vanskelege saker” og “Psykologisk tryggleik – nøkkelen til sterke team”.

Meld deg på HER

Påmeldingsfrist 28. oktober. Meld dykk på innan 5. oktober og få rabatt.

 

Frå uro til kontroll: Leiars handtering av vanskelege saker - få tryggleik, struktur og handlekraft

Synest du konfliktar og krevjande personalsaker er utfordrande? Du er ikkje åleine – men du kan bli tryggare.

I dette innlegget får du konkrete verktøy som gjer deg i stand til å:

✔ gripe inn tidleg før situasjonar eskalerer
✔ ta gode og tydelege samtalar – også når det er vanskeleg
✔ handtere saker steg for steg, med ro og profesjonalitet
✔ unngå vanlege feil som kan forverre situasjonen

👉 Lær korleis du som leiar kan stå stødig – med BHT som ein aktiv støttespelar.

Eli Rongved

Eli Rongved er fysioterapispesialist med lang erfaring innan klinisk psykomotorisk verksemd samt førebygging og opplæring. Ho har i ei årrekke arbeida som universitetslektor i HMS-fag og har medverka i ei rekke NHO-finansierte arbeidsmiljøprosjekt.

Eli har bidrege til utvikling og systematisering av sakshandsaming av konflikter og varslingssaker i arbeidslivet.

 

Psykologisk tryggleik – nøkkelen til sterke team – betre samarbeid, lågare fråvær og høgare prestasjonar

Kva skil dei beste arbeidsmiljøa frå resten? Svar: psykologisk tryggleik.

Bård Fyhn gir deg fersk forsking og praktiske grep for å:


✔ skape tillit og openheit i teamet
✔ forstå kva som bryt ned tryggleik – og unngå det
✔ byggje ein kultur der folk tør å bidra, feile og lære

👉 Få innsikt du kan bruke med ein gong – og som faktisk verkar.

Bård Fyhn

Bård Fyhn har ein doktorgrad på psykologisk tryggleik i team fra Norges Handelshøgskule (NHH), der han no jobbar som postdoktor i organisasjonspsykologi. Bård er utdanna ved Sjøkrigsskulen og har erfaring frå operativ teneste og leiarutvikling i Forsvaret.

Bård er ein engasjerande foredragshaldar som brenn for å gjera forskning tilgjengeleg og praktisk.


Praktisk informasjon

Dato: onsdag 4. november 2026

Stad: Voss - Park Hotel Vossevangen

Tid: kl. 09:00-15:00

Målgruppe: Leiarar, verneombod, tillitsvalde og alle andre tilsette 

Påmeldingsfrist: onsdag 28. oktober 2026.

Meld dykk på innan 5. oktober og få kr 200 i rabatt pr. deltakar

Meld deg på her - før 28. oktober

Neste
Neste

Ledig stilling: Bedriftssjukepleiar – 100% fast stilling i Odda