Utbrotet av coronavirus i Noreg

Utbrotet av coronavirus i Noreg

 

Symptom på COVID-19 er:

  •          feber

  •          sår hals

  •          hoste

  •          pustevanskar

 

Inkubasjonstid:

Inkubasjonstida er tida frå ein blir smitta til dei første symptoma på sjukdom oppstår. I denne perioden kan ein smitte utan å vite at ein er sjuk.

Inkubasjonstida på COVID-19 er 2-14 dagar.

 

Smittemåte:

Sjukdomen smittar som ved forkjøling og influensa ved at viruset blir overført frå luftvegane hjå ein sjuk person på 3 måtar:

1.       Gjennom luft ved at den sjuke nys eller hostar slik at viruset blir pusta inn eller kjem i kontakt med slimhinner i auge, nase eller munn hjå personar som står i nærleiken

 

2.       Ved direkte kontakt når den sjuke har fått viruset på hendene og overfører det ved kontakt med andre.

 

3.       Ved indirekte kontakt når viruset har blitt overført til inventar eller gjenstandar gjennom nys/host eller ved at sjuke eller andre har hatt viruset på hendene og andre kjem i kontakt med gjenstanden. Det er her viktig å understreka at den som potensielt kan smittast ved indirekte kontakt må røre ved gjenstanden og deretter være i kontakt med auge/nase/munn. Kor lenge viruset kan overleve på inventar blir vurdert til å være mellom 2-9 dagar.  Det er ikkje påvist at nokon er blitt sjuke ved indirekte smitte frå t.d. inventar.

 

Spreiing i Noreg:

For at unngå spreiing er det svært viktig, at personar som er smitta eller kan mistenkast å være smitta blir heime.

Dette betyr og at dei ikkje skal oppsøke lege, men kontakte lege på telefon for videre veileding.




Kven må i heimekarantene og heimeisolering

Heimekarantene?


Har du vore utanfor Noreg dei siste 10 dagane eller har du hatt tett kontakt med person med påvist COVID-19, må du vere i heimekarantene i 10 dagar.

I heimekarantene må du

  • Holde deg mest mulig innendørs

  • Ikkje gå på jobb

  • Ikkje nytte offentlig transport

  • Unngå stadar der det er vanskelig å halde avstand, slik som butikkar, apotek og kafear

 

Heimeisolering?

Heimeisolering er for dei som er testa positiv for COVID-19

Sjå flytskjema nedanfor å sjå om du må teste deg.

Er du i heimeisolering er der strenge krav til kva du kan og ikkje kan gjere.

Sjå FHI sin veiledning ved å trykke her.

Reise til utlandet

Utenriksdepartementet  fraråder alle reiser som ikkje er strengt nødvendige til alle land fram til 20. august 2020.

Unntaket er fritidsreiser til Danmark etter 15. juni. Her gjeld det spesielle kriteriar som oppdaterast fortløpande. Sjå lenke www.coronasmitte.dk

Frå 15. juni skal dei som reiser til Danmark på ferie ha reservert minst seks overnattingar i eit område som ikkje er tett befolka. Det vil også vera restriksjonar på reiser til København. Dette betyr samtidig at viss ein reiser med danskebåten til København må du ha reservert minst seks overnattingar utanfor København. Du vil då få lov til å reise gjennom København for å komma der du skal.

Etter 15. juni trenger ikkje dei som kjem til Noreg frå Danmark i karantene.

Har ein jobba over grensa til Sverige eller Finland vil det også vera lov å reise til og frå jobb utan karantene.

Reise i Norge

Unngå reiser som ikkje er strengt nødvendig.

Tiltak som kan gjennomførast for å hindre spreiing på arbeidsplassen:

Det beste tiltaket er å ha god håndhygiene. Nyse i albogekroken, vaske hender ofte og bruke håndsprit.

Arbeidsplassen kan hjelpe til med dette ved å ha handdesinfeksjonsmiddel lett tilgjengeleg samt sette opp plakatar, som hjelper folk til å hugse dei gode vanane.

Folkehelseinstituttets plakat rundt smittevern og hygiene kan lastas ned her.

Har din bedrift bruk for assistanse rundt risikovurdering, kan vi hjelpe med dette.



Helsedirektoratet sin side for råd til befolkningen oppdateres løpende. Den kan finnes ved å trykke her.

NyheitGro Drægni