Julehelsing frå Bedriftshelse1

Bedriftshelse1_godjul.jpg

2017 har vore eit omstillingsår for Bedriftshelse1. Vi moderniserer verksemda vår og vi tilpassar oss kundane sine behov. Frå 1.1. 2018 er vi omorganisert slik at vi skal kunne levere dei beste tenestene ut mot deg som kunde. Vi får då regionleiarar og områdeleiarar som skal følgje opp kundar, og vi har fått på plass betre verktøy å jobba med.

Gjennom den nye dinHMS-gruppen har vi fått eit nettverk over heile landet og kan levere tenester med lokal forankring på kvar einaste lokasjon vi er. Gjennom dinHMS har vi fagsamlingar for alle tilsette, slik at vi kan levere like tenester over heile landet og vi får eit større fagnettverk våre tilsette kan dra nytta av.

Nytt HMS-system

Frå 1.januar 2018 kan vi tilby våre kundar det nye HMS-systemet, Kuba. Vi har sett ein låg pris på systemet, slik at det skal vere muleg for alle å skaffe det. Det er eit enkelt, men innhaldsrikt HMS-system. Ta kontakt med oss for meir informasjon!

Er du leiar og treng støtte?

Vi i Bedriftshelse1 og dinHMS-gruppen skal ha den beste fagkompetansen på førebyggjande helse i di verksemd framover. I haust har vi sertifisert fleire nye medarbeidarar innanfor Situasjonsbestemt leiing. Vi opplever eit stort behov ute i verksemdene, og kan framover tilby tenester der du og leiarane i verksemda di kan få god støtte i ein hektisk og vanskeleg kvardag. 

Les elles meir om tenestene våre her og finn gjerne kontaktinformasjon til våre tilsette i alle regionar

Kurs

Ikkje gløym at vi kan spesialtilpasse kurs etter dine ynskjer innanfor våre fagområde. Det er berre å ta kontakt med oss. All informasjon om kurs som vi held framover finn du på våre kurssider.

Vi i Bedriftshelse1 ynskjer deg med dette ei GOD JUL og EIT GODT NYTT ÅR.

Vennleg helsing

Randi Marie Sjøholt

Adm.dir
Bedriftshelse1