Julehelsing frå Bedriftshelse1

Du som kunde er svært viktig for oss. Vi ynskjer å tilby deg dei beste tenestene innan bedriftshelseteneste.

I 2019 har Bedriftshelse1 bl.a. innført nye IT-løysingar, og er etter kvart blitt ei av dei mest moderne bedriftshelsetenestene i landet. Vi vidareutviklar bedrifta og tenestene våre for framtida og til det beste for deg som kunde.

På bloggen vår kan du lese mykje interessante artiklar om kva vi kan hjelpe deg med, og i dag legg vi ut ein artikkel om stabilitetsleiing.

Vi snakkar mykje om endringsleiing, men midt opp i alt dette må vi ikkje gløyme dei menneska som jobbar i organisasjonane. Stabiliseringsleiing går ut på å ha noko stabilt i bedrifta medan vi utfører endringar. Eit spennande tema. I boka til Tom Karp, «Endring i organisasjoner», (2014) kan du finne meir om temaet. Tom Karp er professor i leiing ved Høyskolen Kristiania og har skrive fleire bøker om temaet leiing.

I Bedriftshelse1 har vi sett stort fokus på det psykososiale arbeidsmiljøet og våre 60 tilsette er godt rusta til å hjelpe deg i di bedrift med både store og litt mindre utfordringar.

Vi spissar kompetansen til kvar einskild tilsett, slik at vi har ei stor breidde i det vi kan levere. I endringar er det mange som treng råd og bistand, ikkje nøl med å ta kontakt med oss.

Du har som kunde av Bedriftshelse1 nettopp motteke ei kundetilfredsheitsundersøking. Vi håpar at du tek deg dei 4-5 minuttane det tek å svare, slik at vi kan bli ein endå betre leverandør for deg. Om du ikkje har svara endå, så finn du lenka her: https://easyfact.no/reply/feeolluuqi.

No går vi inn i ei høgtid der vi alle skal senke skuldrane og nyte litt fridagar. Likevel har vi bemanna sentralbord slik at du får tak i oss om det skulle vere noko.

Du finn og mykje god informasjon om tenestene vi tilbyr på nettsidene våre. På nettsidene finn du og kontaktinformasjon til alle våre tilsette i alle regionar.

Ikkje gløym at vi kan spesialtilpasse kurs etter ditt ynskje innanfor våre fagområde, det er berre å ta kontakt med oss. All informasjon om kurs som vi held framover finn du på våre nettsider.


Til slutt vil eg ynskje velkommen til alle nye kundar, og ei fredfull og fin julefeiring til alle.


GOD JUL

Vennleg helsing


Randi Marie Sjøholt
Adm. dir  

 

NyheitGasta Design