Leiarstil sin påverknad på konfliktar i organisasjonar

Sidan mars har det skjedd store omveltingar i næringsliv og samfunn, og mange har ein endra jobbkvardag. Sjølv om samfunnet gradvis byrjar å opne opp att og vi er på veg attende i riktig retning, vil både arbeidsmiljø og tilsette si psykiske helse vere påverka i lang tid. Antal endringar og organisasjonsjusteringar har skutt i været, og det har oppstått nye utfordringar i arbeidsmiljøet som ingen var førebudd på.

Anders-Otto Plassen jobbar som regionleiar og fysioterapeut i Bedriftshelse1 og skreiv i 2019 masteroppgåve ved Høgskulen på Vestlandet om leiarstil sin påverknad på konfliktar i organisasjonar. Han undersøkte eit stort antal bedrifter på Vestlandet og du kan lese hans forsking og resultat her:

Link HER  (då lastar ein ned pdf av oppgåva)

Oppsummering av oppgåva:

Oppgåva er med på å stadfeste tidlegare forsking på at personalkonfliktar er eit utbreidd fenomen, men at det på det jamne er god trivsel i bedriftene som har vore med i studien. Resultata frå spørjeundersøkinga viser at det er mest personalkonfliktar, mobbing og utskiftingar/turnover i verksemder der leiinga har ein destruktiv leiarstil.

Resultat frå oppgåva syner at leiar sin kunnskap på konflikthandtering påverkar konfliktnivå i stor positiv grad, og at dynamiske leiarstilar (situasjonsbestemd leiing) har ein positiv effekt på konfliktnivå, samanlikna med destruktive leiarstilar. Funna frå oppgåva samsvarar i stor grad med tidlegare leiarteoriar, som syner at destruktiv leiarstil (og spesielt Laissez-faire) i svært stor grad påverkar konfliktnivå i organisasjonar i negativ retning.

Vidare vil dette ha store økonomiske verknader både for bedrifta og for samfunnet. Du kan lese meir om at det er helsefremmande og kostnadseffektivt å jobbe førebyggande med det psykososiale arbeidsmiljøet her

https://stami.no/god-ledelse-viktig-for-psykisk-helse-ved-endringer-pa-jobb/

Vi i Bedriftshelse1 er på plass for medlemmane våre gjennom heile sumaren, og kontakt oss om det er noko vi kan bistå deg med! Du når oss på 57 67 90 60 eller post@bedriftshelse1.no

NyheitGro Drægni