Grunnkurs i arbeidsmiljø (40 - timerskurset)

Generell informasjon

Kurset oppfyller arbeidsmiljølova sine krav til opplæring av verneombod og medlemer av arbeidsmiljøutval (AMU). Me tilrår også leiarane å ta denne opplæringa. Du får ei innføring i kva HMS inneber for verksemda og den enkelte arbeidstakar.

 

Lovpålagt grunnkurs - 4 dagar + praktisk oppgåve

Kurset er eigna for:
Verneombod, medlem i Arbeidsmiljøutval (AMU), tillitsvalde, leiarar, HMS-personale.

Formål med kurset:
Få kunnskap om korleis du som arbeidstakar/leiar i teori og praksis kan utvikle gode og sikre arbeidstilhøve på arbeidsplassen din.  Vi håpar òg at kurset vil føre til utvikling av eit betre arbeidsmiljø på din arbeidsplass.

Tema er td:

  • Innføring i arbeidsmiljølova og tilhøyrande forskrifter

  • Arbeidsgjevar, arbeidstakar, leiar, verneombodet og bedriftshelsetenesta si rolle i arbeidsmiljøarbeidet

  • Systematisk HMS-arbeid

  • Arbeidsmiljøfaktorar

  • Psykososialt arbeidsmiljø

  • Saksgang

  • Inkluderande arbeidsliv


Kurset legger opp til dialog, trening, refleksjon og aktiv bruk av deltakernes erfaringer.

Varigheit:
Kurset går over 4 dagar + 1 valfri dag til praktisk oppgåve. For å få kursbevis må ein delta alle dagar. 

 NB! Ved avbestilling seinare enn 7 dagar før kurset, vert de belasta med full kursavgift.

 Sjå kursplan

Ingen kommande kurs som passar? Ta kontakt - vi set opp kurs på bestilling.  

Gasta Design