Velkommen til HMS-dagen på Voss
Vi arrangerer HMS-dag på Voss 1. november 2023, med tema “Kommunikasjon som verktøy” og “Korleis arbeidsmiljøet påverkar oss”.
Kommunikasjon - ditt mektigaste verktøy
Å kommunisera optimalt er blitt naudsynt for å lukkast. Alt har blitt meir transparent enn før, og stadig fleire skal vera involvert når noko skjer. Samtidig må vi forhalda oss til forventningar, tidspress, informasjonsstøy og nye krav.
Grethe Holtan
Holtan er forfattar, foredragshaldar, kursleiar, coach og dagleg leiar i Sinius AS.
Ho har jobba i inn- og utland som leiar både på strategisk og operativt nivå, for store norske og internasjonale selskap.
Ho har fast spalte i HR-magasinet om kommunikasjon og påverknad. I over 19 år har ho fordjupa seg i kommunikasjon, kroppsspråk og personlegdomar.
Dette er ein workshop i kommunikasjon med fokus på verktøy og teknikkar for å forsterka dine evner i kommunikasjon, analyse og relasjon. Deltakarane lærer å utvikla ulike kommunikasjonsstrategiar ut frå situasjon, behov og premissar.
Du vil lære meir om
kommunikasjon i utfordrande situasjonar og stramme rammevilkår
handtering av motstand, ulike interesser og perspektiv
avgrensingar, ansvar, val og grensesetting
å halde eigen motivasjon oppe når ein ikkje får påverka situasjonen
Kva meiner vi med arbeidsmiljø og korleis påverkar det oss?
Live Bakke Finne vil snakka om kva vi meiner når vi snakkar om arbeidsmiljø (med fokus på psykososialt/organisatorisk arbeidsmiljø) og korleis det påverkar helsa, velværet og prestasjonane våre.
Ho vil også sjå nærare på eit aspekt av psykososialt/organisatorisk arbeidsmiljø, nemleg det vi kallar «kvalitativ jobbusikkerheit» (frykta for å miste verdsette aspekt ved jobben) som kan vera spesielt relevant i eit arbeidsliv prega av endring og digitalisering/ny teknologi.
Live Bakke Finne
Finne jobbar som forskar på STAMI (Statens arbeidsmiljøinstitutt).
Ho forskar på korleis psykososialt/organisatorisk arbeidsmiljø påverkar helse og velvære, med spesielt fokus på mental helse.
Finne har ein master- og doktorgrad i organisasjons- og arbeidshelsepsykologi.