Velkommen til HMS-dagen på Voss

Vi inviterer til HMS-dag 29. oktober 2025 – ein dag med inspirasjon, innsikt og gode samtalar om arbeidslivet. Årets tema er “Korleis arbeidsmiljøet påverkar oss”, “Strategisk innsalg”, “Den unge arbeidstakar” og “Psykologisk tryggleik på arbeidsplassen”.

 
 
 

Påmeldingsfrist 20.oktober. Melder du deg på innan 20.september får du kr 200,- i rabatt 

 
 

Siri Abrahamsen

Siri er ekspert på samarbeid, team og å få folk til å prestera bra saman. Ho meina at sjølvinnsikt, rett tankesett og at me er robuste vil hjelpa oss i møte med alle slags utfordringar.

Siri Abrahamsen er gründer og har skapt konseptet og organisasjonen “Gleding” (det motsette av mobbing). Dette har vorte ein nasjonal bevegelse som handlar om å byggja tilhøyrsel og livskvalitet for små og store. 

Humor, alvor og innsikt – med Siri Abrahamsen

Siri Abrahamsen er ein eineståande formidlar som med ein balansert blanding av humor og alvor når sitt publikum på ein måte som får dei til å føla seg sett og forstått. Hennar genuine evne til å formidla har gjort henne til ein av Noregs fremste foredragshaldarar, hun gjev oss innsikt i korleis sosiale ferdigheiter påverkar resultata våre. Gjennom sin bodskap viser ho korleis vi kan møta verda med eit ope sinn, dømme mindre, og framheva kvarandre ved å setje pris på kvarandre sine kvalitetar – noko som krev både vilje og trening.

Siri Abrahamsen har bakgrunn som leiar- og teamutviklar. Ho har sjølv lang fartstid som leiar for eigne organisasjonar og har halde foredrag for ulike team, avdelingar og organisasjonar sidan 2010. Siri er dessutan bestseljande forfattar av fleire bøker og har selt over 60 000 eksemplar på sitt eige forlag. 

Eit foredrag med Siri Abrahamsen gir deg:

  • Ein viktig bodskap som verkeleg treff publikum rett i magen, levert i ei herleg blanding av kunnskap, alvor, humor, historieforteljing og inspirasjon

  • Verktøyet du treng til å gå frå tankar og ord, til handling 

  • Skråblikk på dei mest aktuelle tema i samfunnet i dag.

 

Korleis få unge til å trivast – og yta?             

Kva er det unge arbeidstakarar faktisk ønskjer seg? Og korleis kan leiarar leggje til rette for at dei både blir verande – og gir alt? Jan Gunnar Kaaresen deler erfaringar og innsikt frå HR-feltet.

Kaaresen har kompetanse og erfaring frå HR/HMS, organisasjon- og leiarutvikling gjennom de siste 20 år. Med bakgrunn som leiarutviklar frå fleire ulike konsulentselskap, er han drilla på forbetring- og utviklingsarbeid.

Han har god kjennskap til offentleg sektor/tilsynsmynde gjennom arbeid som juridisk rådgivar først i karrieren, og på seinare prosjekt. Dei siste 15 år har Jan Gunnar vore bedriftsrådgivar som ein del av stab, tilsett jurist eller som konsulent i privat sektor. Han trivst aller best i det operative, der trening, konfliktløysing og forhandling finn stad, men òg som strategisk rådgivar, coach/trenar og fagleg sparringspartnar.

Jan Gunnar Kaaresen

Senior HR Consultant hjå Sotra Link Construction JV ANS (nye Sotrabru-prosjektet)

Arbeidspsykolog og jurist, seniorkonsulent/rådgivar innan organisasjonsutvikling samt HR-Jus/Psykologi/Ledelse/HMS.

Er i dag tilsett som senior HR-konulent hjå Sotra Link Construktion. Der han jobber med kontinuerlig forbedring i et av de største infrastrukturprosjeka i norsk samanheng.

Målgruppe

Leiarar, mellomleiarar, tillitsvalde, verneombod og andre tilsette i privat og offentlig sektor, både store og små bedrifter. 


Tid og stad

Voss - Park Hotel Vossevangen - onsdag 29.oktober klokka 09.00 - 15.00.


Påmeldingsfrist

20. oktober 2025

bh1-farge-lysgron.jpg