Influensavaksine for bedrifter hausten 2026

Vi kjem til bedrifta di og vaksinerer dei tilsette som ønskjer det. Grunna forseinka levering av influensavaksinar er årets vaksinasjonsdagar flytta til november og desember. Du finn dato for ditt område i skjemaet under.

Ny frist for bestilling av vaksinering er fredag 2. oktober.

Måndag 5. oktober vil bedrifter som har bestilt vaksinering få informasjon om tidspunktet vi kjem til den enkelte bedrifta.

Dersom ein tilsett ikkje har høve til å møte når vi kjem til bedrifta, kan vedkomande nytte vår opne vaksinasjonsdag tysdag 1. desember kl. 12.00–15.00 i Bedriftshelse1 sine nye lokale i på Campus Sogndal (etasjen over Idrettsenteret).

Bestill vaksinering