Om Bedriftshelse1

Bedriftshelse1 arbeider saman med bedriftene gjennom førebyggjande arbeid med mål om å gjere arbeidsmiljøet i bedriftene best mogleg. Våre løysingar skal førebyggje utfordringar knytta til arbeidsmiljø, helse og livsstil.

Bedriftshelse1 er den største lokalt forankra bedriftshelsetenesta på Vestlandet, og vi er lokalisert i Sogndal (hovudkontor), Årdal, Nordfjordeid, Stryn, Florø, Voss, Norheimsund og Odda og har i tillegg avdelingskontor i Leikanger, Luster, Vik, Balestrand, Årdalstangen, Lærdal,  Førde og Ulsteinvik.

Bedriftshelse1 har 60 høgt kvalifiserte medarbeidarar innan fleire ulike fagfelt som er klare til å bistå bedriftene.

Bedriftshelse1 er godkjend av Arbeidstilsynet og er ei tverrfagleg, felles bedriftshelsetenesteordning. Vi har vore etablert i bransjen sidan 1984, har stor bransjekunnskap og eit godt renommé.

Våre kundar skal ha dei mest friske , engasjerte og lønnsame medarbeidarane.
— Vår visjon i Bedriftshelse1