Bedriftshelse1 og SMB99 inviterar til fagseminar:

Ein god og berekraftig arbeidsplass – kva inneber det?

Dato: Tysdag 15. september
Tid: Kl. 12.00
Stad: Svingen-bygget, Campus Sogndal

Bedriftshelse1 og samarbeidspartner SMB99 inviterer toppleiarar, HR-leiarar og HMS-ansvarlege til eit inspirerande fagseminar om leiing, arbeidsmiljø og berekraft.

Korleis byggjer vi arbeidsplassar der medarbeidarane trivst, utviklar seg og ønskjer å bli verande?

Kva kjenneteiknar verksemder som lukkast med å vere både attraktive arbeidsgivarar og lønsame over tid?

Menneska er verksemda sin viktigaste ressurs. Korleis vi leier, utviklar og tek vare på medarbeidarane våre påverkar både arbeidsmiljø, resultat og framtidig konkurransekraft. Berekraft handlar ikkje berre om kostnader og rapportering – det handlar først og fremst om langsiktig verdiskaping.

Gjennom innlegg frå leiande verksemder i Sogn og Bergen får du innsikt i korleis dei arbeider i praksis for å skape framtidsretta arbeidsplassar.

Målet er å gi inspirasjon og idear du kan ta med tilbake til eiga verksemd.

Program

12:00  Mingling og enkel lunsj
 

12:30  Velkommen
Kvifor denne møteplassen? (Mona/Ståle)

Styrke leiarskap på Vestlandet (Mona/Ståle)

13:00 – Fagleg innlegg

Kva er helsefremmande vs. helseskadeleg leiing?
Konsekvensar for tilsette og resultat

v/ adm.dir Randi Marie Sjøholt, Bedriftshelse1, Mona/Ståle, SMB99


13:45 – Perspektiv frå næringslivet (1)

Hydro Årdal – berekraft i praksis i norsk industri

v/ HMS-sjef Hanne Hoel Pedersen, Hydro Aluminium

 
14:15 – Pause


14:30 – Perspektiv fra næringslivet (2)

Lerum – eit lokalt firma med globalt miljøansvar
v/ HR-leiar Mathias Grehl, Lerum

 

15:00 Perspektiv frå næringslivet (1)

SIMAS – ein grøn motor i Sogn
v/ direktør Dagny Ugulsvik Alvik, Simas IKS

 
15:30 – Inspirasjon

Korleis kan vi gjenbruke ressursane?
v/ dagleg leiar Kolbjørn Akervold, Envir AS

 
16:00 – Panel og diskusjon

Kva er god leiing i praksis? 
Kva gjev resultat – og kva gjer det ikkje?
(Lerum, Simas, Hydro, Envir)

16:45 – Gruppearbeid / refleksjon

Kva tek du med deg heim som leiar?

17:30 – Oppsummering og avslutning

18:00 Middag

Innleiarar