Det nærmar seg ny radon årstid. Bedriftshelse1 tilbyr assistanse ved måling.

Det er viktig å få kartlagt radonnivået innandørs. Ein nyttar langtidsmåling då radonnivået varierar mykje over tid (timar og dagar). Variasjonane kan skuldast endringar i klimatiske parametre som  temperatur, lufttrykk, vindstyrke og retning etc. Det er viktig å måle gjennomsnitt radonnivå over lang tid fordi det er denne gjennomsnittsverdien som kan relaterast til helserisiko (lungekreft). Det er vanleg å bruke sporfilm til langtidsmåling over minimum 2 månader. Radonmåling bør helst utførast i vinterhalvåret, frå oktober til april, eventuelt over eit halvt år frå midten av sommaren til midten av vinteren (eller omvendt).

Bedriftshelse1 kan tilby assistanse ved måling.  Vi har også eigne elektroniske måleapparat som loggar tidsintervall ,og vi kan føreslå tiltak.

Les meir om Radon og kreft på kreftforeningen sine sider:

https://kreftforeningen.no/forebygging/andre-mulige-risikofaktorer/radon-og-kreft/

NyheitAud Jane Moheim