Julehelsing frå Bedriftshelse1

Året som har gått har vore eit svært spesielt år for oss alle. Covid-19 vil bli hugsa i lang tid framover. Heldigvis har vi hatt helsemyndigheiter og leiarskap i landet vårt som har teke situasjonen på alvor og Noreg har takla dette på ein best muleg måte for oss alle. Dette har sjølvsagt vore tøft for mange og ein del bedrifter går ei uviss framtid i møte.   

Vi i Bedriftshelse1 har hjelpt mange av våre kundar i smittvernearbeidet og vi har til tider hatt det ganske travelt med både testing og rådgjeving i smittvernetiltak.  

Vi har lært mykje i den situasjonen vi har vore gjennom og digitale hjelpemiddel har blitt ein del av kvardagen vår. I Bedriftshelse1 kan du no få videokonsultasjon både på legetenester og på dei andre tenestene våre. Vi deltek meir enn nokon gong på digitale møte og vi utviklar digitale kurs som snart er klare for deg som kunde. I 2021 vil vi jobbe vidare med andre applikasjonar som vil gjere det enklare og meir effektivt for deg som kunde.

Vi veit at det kan bli ein vanskeleg periode framover med det psykososiale arbeidsmiljøet i mange bedrifter. Her har vi i Bedriftshelse1 mange kompetente medarbeidarar som kan hjelpe både i små og større saker. Ikkje nøl med å ta kontakt med oss, dess tidlegare vi kjem inn i ei sak di lettare er det å løyse.

Jula 2020 vil bli ei spesiell jul då vi kanskje må finne andre løysingar på tradisjonar som har vore tidlegare. Viktigheita av samhald og nærheit blir sett på prøve og det er viktig å finne andre løysingar enn fysisk nærleik til alle vi er vande med å møte. I januar skal alle tilbake til arbeidsplassen og då er det viktig at vi ikkje aukar smitten i våre regionar. 

Når alt dette er sagt er det godt å sjå framover mot 2021 og vite at det etter kvart skal bli eit meir normalt år. Vi går inn i ei høgtid der vi skal senke skuldrene, komme litt vekk frå kvardagen og samle kreftene til starten på eit nytt år.

Dersom du skulle ha behov for hjelp frå oss i jula vil du kunne ta kontakt med vårt sentralbord i tida 09.00 – 13.00 i romjula.

Du finn og mykje god informasjon om tenestene vi tilbyr på nettsidene våre (www.bedriftshelse1.no). På nettsidene finn du og kontaktinformasjon til alle våre tilsette i alle regionar.

Ikkje gløym at vi kan spesialtilpassa kurs etter ditt ynskje innanfor våre fagområde, det er berre å ta kontakt med oss. All informasjon om kurs som vi held framover finn du på våre nettsider (www.bedriftshelse1.no/kursoversikt).

Til slutt vil eg ynskje velkommen til alle nye kundar, og ei fin og fredfull julefeiring til alle.

GOD JUL

Vennleg helsing

Randi Marie Sjøholt

Adm. dir        

NyheitGro Drægni