Kvart år drar Tine på Vårseminaret

TINE2.jpg

– Vi reiser heim med mykje motivasjon og fleire gode tips. Det gir oss eit fint avbrekk i kvardagen, fortel Terje Måløy, meierisjef i Hardanger.

 Terje Måløy, meierisjef Tine Meieriet Hardanger.

Terje Måløy, meierisjef Tine Meieriet Hardanger.

Kvart år arrangerast Vårseminaret av Bedriftshelse1. I år er seminaret onsdag 25. april i Øystese. Tema er helse, miljø og sikkerheit (HMS) med fokus på ulike relevante undertema. Ideen er å gi fagleg påfyll til bedrifter i distriktet. Det skal være kortreist påfyll, der Bedriftshelse1 får gode foredragshaldarar nærmare bedrifta. 

– Ein skal ikkje måtte reise til storbyane for å få slik inspirasjon. Når seminaret er i nærleiken av bedrifta, kan fleire tilsette i kvar bedrift delta, og dei får meir ut av deltakinga, fortel Randi Marie Sjøholt, dagleg leiar i Bedriftshelse1.

Ein bra møteplass

Tine Meieriet Hardanger har vore med på mange seminar, der både leiing, verneombod og tilsette på produksjon deltar. Dette er ifølge meierisjefen eit viktig avbrekk i kvardagen og ei god plass å få fagleg påfyll.

– Eg får alltid gode tilbakemeldingar frå mine tilsette. Dei finn det lærerikt og så gir det arbeidsmiljøet ein liten boost. I tillegg er det ein fin plass å møte andre leiarar og verneombod i pausane, fortel Terje Måløy.

Årets tema: framtidig arbeidsmiljø

I år kjem Knut Inge Fostervold, ein særs engasjert formidlar frå Vesterålen. Han skal dele kunnskap om det som skapar det gode arbeidsmiljøet. Fostervold er psykolog ved UiO og har forska på ulike områder innan arbeidsmiljø.

Han vil mellom anna snakke om kva arbeid vil vera i framtida, korleis omgjevnadene påverkar oss, korleis du kan skape gode arbeidsplassar og korleis du kan førebygge trøytte og utbrente kollegaer.

– Vi blir alle utfordra av ny teknologi og raske omstillingar, og blir ofte overraska over at det kan gje plager og sjukdom. Å rette opp igjen problem vert ofte dyrt, så vi ønskjer å formidle korleis ein kan ligge i forkant, fortel Sjøholt.

Bli med på denne dagen du òg - onsdag 25. april i Kunsthuset Kabuso, Øystese.