Ledig stilling: Bedriftssjukepleiar i Sunnfjord
Bedriftshelse1 er ei offentleg godkjend bedriftshelseteneste som leverer førebyggande tenester innan helse, miljø og sikkerheit. Vi er eit tverrfagleg team på 55 medarbeidarar, med brei erfaring og eit godt renommé. Vi har god bransjekunnskap og legg vekt på fagleg oppdatering og utvikling. Med 12 bemanna kontor er Bedriftshelse1 den største lokalt forankra bedriftshelsetenesta på Vestlandet. Du finn meir informasjon om oss på www.bedriftshelse1.no
Bedriftssjukepleiar
Vi søkjer etter ein bedriftssjukepleiar, gjerne med nokre års erfaring, og kunnskap og interesse for arbeid med førebygging av helseutfordringar grunna arbeidet/arbeidsmiljøet. Ser du etter jobb med fleksible arbeidsvilkår og likar kundekontakt, godt fagmiljø og varierte utfordringar, send oss ein søknad!
Stillinga vil vere knytt til kontoret vårt i Førde, med heile Sunnfjord som arbeidsområde.
Dine hovudoppgåver vil vere:
Psykososial rådgjeving til leiarar og tilsette hos kundane våre, og delta i psykososial faggruppe
Undervisning på førstehjelpskurs, og anna opplæring på individ- og gruppenivå
Helseundersøkingar og anna helsefagleg bistand utfrå fagbakgrunn/erfaring
Yrkesvaksinasjonar
Delta ved kartlegging av arbeidsmiljø i bedrifter/arbeidsmiljøundersøkingar
Leiarstøtte, kollegastøtte, sjukefråversarbeid og utviklingsarbeid
Delta i faggruppe for bedriftssjukepleiarar
Oppfølging og kontaktansvar mot kundar
Individuell tilrettelegging og rådgjeving
Rådgjeving og bistand innan HMS/internkontroll
Kvalifikasjonar:
Offentleg godkjend sjukepleiar
Erfaring frå arbeid med psykososiale utfordringar i arbeidslivet
Undervisningserfaring, gjerne helserelatert
Gode kommunikasjonsevner og evne til å byggje relasjonar
Evne til å jobbe i team, vere engasjert, uredd og initiativrik
Fleksibel og sjølvstendig
Gjerne erfaring frå bedriftshelseteneste eller anna relevant bakgrunn
God munnleg og skriftleg framstillingsevne, van med å bruke dataverktøy
Vi tilbyr ei spennande stilling med gode kollegaer, konkurransedyktig løn, fast arbeidstid, helgefri og gode personalordningar, der du kan vere med å påverke jobbkvardagen. Vi har gode ordningar for kompetansepåfyll og personleg utvikling.
Vi har eit tverrfagleg og godt arbeidsmiljø. Referansar og personlege eigenskapar vert vektlagt. Jobben vil medføre ein del reising, så du må ha førarkort for personbil.
For spørsmål, kontakt områdeleiar Tone Botten, tlf.: 48596496.
Søknad med cv og referansar sendast til: tone.botten@bedriftshelse1.no
Søknadsfrist: 16. juni 2025, men søknader blir fortløpande vurdert.