Velkommen til HMS-dagen på Voss 29.oktober
Vi inviterer til HMS-dag 29. oktober 2025 – ein dag med inspirasjon, innsikt og gode samtalar om arbeidslivet. Årets tema er “Korleis arbeidsmiljøet påverkar oss”, “Strategisk innsalg”, “Den unge arbeidstakar” og “Psykologisk tryggleik på arbeidsplassen”.
Påmeldingsfrist 20.oktober. Melder du deg på innan 20.september får du kr 200,- i rabatt
Humor, alvor og innsikt – med Siri Abrahamsen
Siri Abrahamsen
Siri er ekspert på samarbeid, team og å få folk til å prestera bra saman. Ho meina at sjølvinnsikt, rett tankesett og at me er robuste vil hjelpa oss i møte med alle slags utfordringar.
Siri Abrahamsen er gründer og har skapt konseptet og organisasjonen “Gleding” (det motsette av mobbing). Dette har vorte ein nasjonal bevegelse som handlar om å byggja tilhøyrsel og livskvalitet for små og store.
Abrahamsen er ein eineståande formidlar som med ein balansert blanding av humor og alvor når sitt publikum på ein måte som får dei til å føla seg sett og forstått. Hennar genuine evne til å formidla har gjort henne til ein av Noregs fremste foredragshaldarar, hun gjev oss innsikt i korleis sosiale ferdigheiter påverkar resultata våre. Gjennom sin bodskap viser ho korleis vi kan møta verda med eit ope sinn, dømme mindre, og framheva kvarandre ved å setje pris på kvarandre sine kvalitetar – noko som krev både vilje og trening.
Siri Abrahamsen har bakgrunn som leiar- og teamutviklar. Ho har sjølv lang fartstid som leiar for eigne organisasjonar og har halde foredrag for ulike team, avdelingar og organisasjonar sidan 2010. Siri er dessutan bestseljande forfattar av fleire bøker og har selt over 60 000 eksemplar på sitt eige forlag.
Eit foredrag med Siri Abrahamsen gir deg:
Ein viktig bodskap som verkeleg treff publikum rett i magen, levert i ei herleg blanding av kunnskap, alvor, humor, historieforteljing og inspirasjon
Verktøyet du treng til å gå frå tankar og ord, til handling
Skråblikk på dei mest aktuelle tema i samfunnet i dag.
Korleis få unge til å trivast – og yta?
Jan Gunnar Kaaresen
Senior HR Consultant hjå Sotra Link Construction JV ANS (nye Sotrabru-prosjektet)
Arbeidspsykolog og jurist, seniorkonsulent/rådgivar innan organisasjonsutvikling samt HR-Jus/Psykologi/Ledelse/HMS.
Kva er det unge arbeidstakarar faktisk ønskjer seg? Og korleis kan leiarar leggje til rette for at dei både blir verande – og gir alt? Jan Gunnar Kaaresen deler erfaringar og innsikt frå HR-feltet.
Han er i dag tilsett som senior HR-konulent hjå Sotra Link Construktion. Der han jobber med kontinuerlig forbedring i et av de største infrastrukturprosjeka i norsk samanheng.
Kaaresen har kompetanse og erfaring frå HR/HMS, organisasjon- og leiarutvikling gjennom de siste 20 år. Med bakgrunn som leiarutviklar frå fleire ulike konsulentselskap, er han drilla på forbetring- og utviklingsarbeid.
Han har god kjennskap til offentleg sektor/tilsynsmynde gjennom arbeid som juridisk rådgivar først i karrieren, og på seinare prosjekt. Dei siste 15 år har Jan Gunnar vore bedriftsrådgivar som ein del av stab, tilsett jurist eller som konsulent i privat sektor. Han trivst aller best i det operative, der trening, konfliktløysing og forhandling finn stad, men òg som strategisk rådgivar, coach/trenar og fagleg sparringspartnar.
Dato: Onsdag 29. oktober 2025
Stad: Voss - Park Hotel Vossevangen
Tid: kl. 09:00-15:00
Målgruppe: Leiarar, verneombod, tillitsvalde og alle andre tilsette
Påmeldingsfrist: 20. oktober 2025