Ny lovtekst om psykososialt arbeidsmiljø frå 1. januar

Første januar kjem det ei presisering av lovteksten i Arbeidsmiljølova § 4-3. Lovteksten er ei presisering for å tydeleggjere arbeidet med det psykososiale arbeidsmiljøet ute i bedrifter.

Vi veit at sjukefråværet har auka mykje dei siste åra etter koronapandemien og den største auken er på langtidssjukefråvær. Det betyr at fleire arbeidstakarar er vekke over lengre tid. Nesten halvparten av auken frå 2019 til 2023 skuldas psykiske diagnosar, særleg symptom/plagar som angst, depresjon og stress.

Denne trenden har også vore tydeleg i fleire andre land, noko som tyder på endringar i befolkninga si psykiske helse etter pandemien. Vi i Bedriftshelse1 kan gje deg hjelp til å førebygge og gje råd der du ser at enten sjukefråværet ditt aukar eller du ikkje får fråværet ned.

Slik tolkar du lovteksten

Våre tilsette Ida Marie Arntsen og Turid Skurtveit har laga ein artikkel for at du skal kunne tolke den endra lovteksten og gjere tiltak. Kort oppsummert:

  • 01.januar 2026 kjem presiseringar knytt til psykososialt arbeidsmiljø, § 4-3.

  • Det er ikkje nye lovkrav, men målet er at lovteksten skal verta tydelegare, samt lettare å forstå og etterleve for verksemdene.

  • Krav om systematisk HMS arbeid og eit fullt forsvarleg arbeidsmiljø, gjeld for alle delar av arbeidsmiljøet, også for dei psykososiale arbeidsmiljøfaktorane.

 

Kva er eigentleg arbeidsmiljø?

I opptakten til gjeldande avtale om inkluderande arbeidsmiljø 2019-22, vart partane einige om at arbeidsmiljø handlar om arbeidet, og det me gjer på arbeid. Det er knytt til korleis arbeidet er organisert, planlagt og gjennomført. Me deler gjerne inn arbeidsmiljøet i ulike område. Fysiske-, kjemiske-, biologiske-, ergonomiske-, organisatoriske- og psykososiale arbeidsmiljøfaktorar.

Dei to sistnemnte har hatt mindre fokus, før seinare år. Men forsking syner at også dei meir «usynlege» faktorane i arbeidet, korleis me organiserer arbeidet samt korleis individet opplever innhaldet i arbeidet og samspelet mellom tilsette på jobb, har stor innverknad på helsa og jobbtilfredsheit til tilsette. Dette vil igjen kunne påverke bl.a. sjukefråvære, resultat og produktivitet i verksemda.

Ny presisering av lovteksten, § 4-3.

Bakgrunnen er at arbeidstilsynet erfarer i tilsyn, at regelverket er vanskeleg å forstå, og det er trong for auka kunnskap knytt til psykososialt arbeidsmiljø. Dei finn og mykje brot knytt til § 4-3 i sine tilsyn. I faktabok om Arbeidsmiljø og – helse 2024, kjem det og fram at tilsette på norske arbeidsplassar jamt over bl.a. har høg jobbtilfredsheit, motivasjon, grad av autonomi (sjølvbestemming). Men samstundes er trenden negativ knytt til sjukefråvære grunna arbeidsrelaterte psykiske plager. 

Ein Sintef rapport frå 2022, syner og at det er ulik forståing for omgrepet psykososialt arbeidsmiljø, og at trivelstiltak og tiltak for å styrke det sosiale fellesskapet dominerer framleis når verksemdene får spørsmål om kva dei konkret gjer for å skapa godt psykososiale arbeidsmiljø.

Arbeidstilsynet sendte difor inn eit høyringsforslag om endringar i arbeidsmiljølova, § 4-3, i oktober 2024. Lovteksten vart vedteke med nokre justeringar i juni 2025.  

Presiseringar - ikkje nye krav

Krav om eit fullt forsvarleg arbeidsmiljø, både fysisk og psykisk, ligg alt i arbeidsmiljølova (aml § 4-1 (1)). Dei nye presiseringane i lovteksten er difor ikkje nye krav, men har som mål å gjere lovteksten lettare å forstå og etterleve. Samt og tydeleggjere krav til arbeidsgjevar knytt til psykososialt arbeidsmiljø.

Som i praksis inneber å utøve systematisk HMS arbeid på alle plan i verksemda, knytt til alle område av arbeidsmiljøet, inkludert det psykososiale området. Noverande punkt i aml § 4-3, føl med vidare, men vert flytta under den nye lovteksten.

Kunnskap og verktøy til hjelp

Me i Bedriftshelse1 har god kompetanse på psykososialt arbeidsmiljø, og korleis det påverkar tilsette, både negativt, men og positivt. Lova krev at arbeidsgjevar har oversikt på desse faktorane i arbeidsmiljøet, då dette er viktig for at alle tilsette skal ha eit «fullt forsvarleg arbeidsmiljø». Bedriftshelse1 bistår bedrifter jamleg med risikovurderingar, og har kunnskap, og verktøy som kan nyttast i dette arbeidet.

Me held innlegg om psykososialt arbeidsmiljø, kan bistå med kartleggingar i form av spørjeundersøkingar. Tilsette hjå Bedriftshelse1 har og kunnskap som kan nyttast dersom det oppstår konflikt, eller meir alvorlege hendingar i bedrifta (t.d. diskriminering eller mobbing).

Ta gjerne kontakt for ein samtale om kva me kan bistå med.

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

https://www.gasta.no/
Neste
Neste

Vi har opna nytt kontor i Bergen