Kvinnehelse i arbeidslivet – kvifor angår det oss alle?
Kvinnehelse er meir enn svangerskap og overgangsalder. Omgrepet femnar breitt og omfattar helseforhold som anten er spesifikke for kvinner, rammar kvinner oftare enn menn, eller har eit anna symptombilete og forløp enn hos menn.
Artikkel av Laila Gundersen Hafstad og Sunniva Kveen, tilsette Bedriftshelse1.
Samanhengen mellom helse og arbeid er godt dokumentert. Likevel ser vi at kvinner i større grad enn menn står utanfor arbeidslivet, arbeider meir deltid og har høgare sjukefråvær. Dette reiser eit viktig spørsmål: Kva betyr kvinnehelse for deltaking, nærvær og berekraft i arbeidslivet?
Svaret er tydeleg: Kvinnehelse er ikkje eit smalt særinteressefelt – kvinnehelse er folkehelse, og dermed også arbeidslivshelse.
Kvifor kvinnehelse er ei arbeidslivsutfordring
NOU 2023: 5 Den store forskjellen gir den mest omfattande kunnskapsoversikta til no om kvinner si helse og kjønnsforskjellar i helsetenestene. Utgreiinga peikar på strukturelle utfordringar som også har direkte betydning for arbeidslivet.
Hovudfunna kan oppsummerast i fire punkt:
Kvinnehelse har låg status i forsking, praksis og prioriteringar
Mangelfull samordning i helsetenestene gir fragmenterte forløp og dårlegare helseresultat
Kunnskap blir i for liten grad omsett til praksis, trass i godt dokumentert forsking
Kvinner sine erfaringar og stemmer får avgrensa gjennomslag i utforming av tenester og tiltak
Desse funna dannar bakteppet for NOU 2025: 5 Kvinners arbeidshelse. Utgreiinga viser at norsk arbeidsliv framleis er kjønnsdelt, og at kvinner – særleg i kvinnedominerte næringar – er utsette for høge psykososiale og mekaniske belastningar, ofte i kombinasjon med turnusarbeid. Dette aukar risikoen for psykiske plager, muskel- og skjelettplager og sjukefråvær.
Kvinner rapporterer meir arbeidsrelatert fråvær enn menn – også i industrien, der berre 19 prosent av dei sysselsette er kvinner.
Dei samfunnsøkonomiske kostnadane knytt til nedsett kvinnearbeidshelse, fråvær og fråfall er anslått til 59 milliardar kroner årleg. Samstundes viser utgreiinga at arbeidsmiljø, oppfølging og tilrettelegging har stor betydning for kvinner si deltaking i arbeidslivet gjennom ulike livsfasar og livssituasjonar.
Kvinner sine livsfasar – sentrale perspektiv
Kvinner si arbeidshelse blir påverka av biologiske forhold og livsfasar. Mange av utfordringane går igjen på tvers av alder og livssituasjon, og krev kunnskap og forståing også i arbeidslivet.
Ungdom og unge kvinner
Jenter har høgare førekomst av psykiske plager enn gutar allereie frå ungdomsåra. I aldersgruppa 16–24 år oppgir 22 prosent av kvinnene betydelege psykiske plager. Frå første menstruasjon til den siste lever kvinner med sykliske hormonelle endringar. Om lag 20 prosent har plager som påverkar livskvaliteten, og opp mot 10 prosent har endometriose. Unge kvinner i starten av arbeidslivet lever med desse månadlege endringane som ein del av kvardagen. Mellom 10 og 30 prosent vil også i løpet av livet oppleve abort.
Kvinner i etableringsfasen
Svangerskap, fødsel og barseltid kan vere ei tid med store påkjenningar og sjukdom. For elles friske kvinner er dette den største helserisikoen i denne livsfasen, noko som speglar seg i sjukefråværet. Tidleg involvering av bedriftshelsetenesta kan bidra til betre tilrettelegging og gjere det mogleg å vere yrkesaktiv i større delar av svangerskapet. Rundt 10 prosent opplever infertilitetsutfordringar som krev medisinsk hjelp. Samstundes er psykiske plager og muskel- og skjelettsmerter utbreidde, og står for 60 prosent av sjukefråværet hos kvinner.
Kvinner midt i livet
Perimenopausen kan vare i opptil ti år før siste menstruasjon. Om lag ein tredel opplever plager som påverkar arbeidsevne og produktivitet. Flest kvinner kjem på AAP i alderen 45–55 år, medan uførheit er mest utbreidd i alderen 55–65 år. Samstundes finst det tiltak som kan lindre plager og bidra til betre helse og arbeidsevne.
Bedriftshelsetenesta si rolle
Bedriftshelse1 er oppteken av å vere fagleg oppdatert og tilby tenester som fremjar god arbeidshelse. Vi har solid kompetanse innan HMS-arbeid, og meiner at forankring av kunnskap om kvinnehelse i arbeidsgjevarpolitikken både signaliserer anerkjenning til dei tilsette og bidreg til eit positivt omdømme for verksemda.
Vi er opptekne av at tenestene våre skal vere til nytte for både arbeidsgjevarar og tilsette. Hos oss har vi både fysioterapeut og jordmor med spesialkompetanse på kvinnehelse.
Vi kan mellom anna tilby:
undervisning om kvinnehelse for leiarar og tilsette
bistand til å integrere kvinnehelse i systematisk HMS-arbeid
individuell oppfølging ved behov
tilrettelegging av arbeidsplassen
støttesamtalar for tilsette
Fysioterapeuten kan undersøkje, rettleie og gi øvingar. Jordmora kan følgje opp gjennom svangerskap, leggje til rette for best mogleg retur til arbeid etter permisjon, samt tilby konsultasjonar knytt til kvinnehelse og individuell rådgiving ved overgangsalder.
Kvifor eit eige fokus på kvinnehelse?
Denne artikkelen gir berre eit lite innblikk i kvinnehelse, men forhåpentlegvis nok til å skape forståing for at inkludering av kvinnehelse i kunnskapsgrunnlaget er sjølve grunnmuren for eit helsefremjande og berekraftig arbeidsliv.
Kvinnehelse = folkehelse.
Å innlemme kvinnehelse i HMS-samanheng er framtidsretta, og vil på sikt kunne ha positiv innverknad på både arbeidslivet og samfunnshelsa.