Open påmelding til vårseminar 2026
Her er mogelegheit for leiarar, tillitsvalde, verneombod, AMU, HR og tilsette, til å halda seg oppdatert og få med seg siste nytt om regelverk og risikovurdering!
Seminaret samlar erfarne og engasjerte foredragshaldarar, og legg opp til både fagleg påfyll, refleksjon og dialog. Årets tema er særleg relevant for verksemder som ønskjer å arbeide systematisk og førebyggjande med arbeidsmiljø og HMS.
Program
Kl. 08.30–09.00 - Registrering, kaffi og te
Kl. 09.00–11.45 - “Tydelegare regelverk om dei psykososiale og organisatoriske arbeidsmiljøfaktorane” v. Arbeidstilsynet
Arbeidstilsynet stiller med to erfarne og engasjerte forelesarar:
Seniorrådgjevar Øyfrid Geiring
Seniorinspektør Lena Westjord
Frå 1. januar 2026 trer nye og tydelegare krav i kraft knytt til dei psykososiale og organisatoriske arbeidsmiljøfaktorane. I dette føredraget får deltakarane innsikt i bakgrunnen for regelverksendringane, kva dei betyr i praksis – og kva Arbeidstilsynet forventar av verksemdene framover.
Tema som blir tekne opp:
Kvifor trong vi eit tydelegare regelverk frå 1.1.26?
Kva betyr det nye regelverket for di bedrift?
Kva forventar Arbeidstilsynet?
Det blir god tid til spørsmål, dialog og diskusjon.
Kl. 11.45–12.45 - Lunsj
Emosjonell belastning på jobb – når jobben tærer på: korleis handterer me dette?
v. Eli Rongved, spesialist i psykomotorisk fysioterapi og universitetslektor ved Nord universitet
Eli Rongved er forfattar og ettertrakta foredragshaldar, med lang erfaring innan HMS, leiing og bedriftsutvikling. Ho har gjennom ei årrekkje hjelpt verksemder med å forstå og handtere emosjonelle belastningar i arbeidskvardagen.
Mange yrke inneber krevjande møte med menneske og sterke kjensler. Dette føredraget gir konkrete og praktiske råd til korleis emosjonell belastning kan handterast – både individuelt og i fellesskap. Ved å forstå eigne reaksjonar og arbeide systematisk i organisasjonen, kan ein førebyggje at jobben tærer på helsa.
Rongved er kjend for si evne til å formidle på ein jordnær og løysingsorientert måte, med fokus på det som fungerer i praksis.
Risikovurdering – korleis få det til i praksis? Korleis få reell nytteeffekt?
v. Lars G. Wessel Johnsen, sivilingeniør og forfattar - Lars G. Wessel Johnsen har eit sterkt engasjement for risikovurdering – ikkje berre som teori, men som eit praktisk verktøy som gir målbar effekt. Han er særleg oppteken av gjennomføring og nytteeffekt, og kan dokumentere økonomisk gevinst av godt risikarbeid.
Han har lang og allsidig erfaring frå industri, transport, helse og offentleg sektor, og har skrive fleire bøker om kartlegging og risikovurdering. Føredraget gir deltakarane konkrete grep for å lykkast med risikovurdering i praksis, og viser korleis dette kan bli eit aktivt og nyttig styringsverktøy – ikkje berre ein formalitet.
Praktisk informasjon
Dato: Onsdag 22. april 2026
Tid: Kl. 08.30–15.30
Stad: Norheimsund
Påmelding
Early Bird: Rabattert pris ved påmelding innan 20. mars
Gruppepåmelding: Ved påmelding av 5 eller fleire deltakarar – ta kontakt for eiga prisordning.
Påmeldingsfrist: 31. mars