Vi søkjer regionleiar for kontora våre i Nordfjord og Sunnfjord

Er dette jobben for deg? Bedriftshelse1 har ledig stilling som regionleiar for våre kontor i Førde, Florø, Nordfjordeid og Stryn. Kontorstad vil i utgangspunktet vere i Stryn, men kan diskuterast.

Vi ser etter ein erfaren leiar, gjerne med helsefagleg bakgrunn/erfaring, som er motivert for å jobbe i team, saman med fysioterapeutar, legar, sjukepleiarar og yrkeshygienikarar? Kjennskap til BHT-bransjen er ein fordel, men ikkje eit krav.

Bedriftshelse1 jobbar med førebyggande helse ute hjå kundane våre, og eit breidt nettverk og kjennskap til bedrifter i området er ein fordel. 

  

Dine oppgåver vil mellom anna vere å: 

  • Vere ein tydeleg leiar for dei tilsette ved dei fire kontora i regionen

  • Ha personalansvar og følgje opp dei tilsette ved kontora

  • Bistå tilsette med vurderingar, rettleiing og tilrettelegging

  • Vere del av toppleiargruppa i Bedriftshelse1

  • Delta i strategi- og utviklingsarbeid i leiargruppa

  • Samarbeide godt med områdeleiar i regionen 

  • Samarbeide godt med administrerande direktør og dei andre regionleiarane

  • Ha ansvar for kontordrift, inkl. budsjett, innkjøp og leverandøravtalar i regionen

  • Økonomistyring, fakturering og internkontroll i regionen i samarbeid med administrativt personell

  • Bistå med sal og marknadsføring av våre tenester til nye kundar og oppfølging av eksisterande kundar og kontrakter  

Personlege eigenskapar og kompetansekrav: 

  • Er ein erfaren leiar med tydeleg og inspirerande leiarstil

  • Evne til å motivere og vidareutvikle medarbeidarane

  • Motivert for å arbeide med førebyggande helsearbeid 

  • Har god generell kompetanse innan systematisk HMS-arbeid  

  • Strategisk og analytisk tilnærming, kombinert med praktisk og løysingsorientert haldning

  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner

  • Er systematisk, strukturert, effektiv og handlekraftig 

  • God relasjonsbyggar, høg integritet og gjennomføringsevne

  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne 

  • God IT-kompetanse  

  • Fleksibel, og ein lagspelar som ønskjer å spele andre gode

  • Du må ha førarkort og disponere bil, da deler av arbeidet kan bli utført ute i bedrifter  

Vi tilbyr:

  • Utfordrande, spennande og varierte arbeidsoppgåver i ein bransje som er i stor endring

  • Tverrfagleg, hektisk, inkluderande og godt arbeidsmiljø

  • Opplæring i bransjen

  • Gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling 

  • Fleksibel arbeidstid

  • Lønn og andre vilkår etter avtale 

  • Svært gode pensjons- og personalforsikringsordningar

Søknad med CV, vitnemål og attestar sender du til post@bedriftshelse1.no. Spørsmål om stillinga kan rettast til regionleiar Tore Bøe, tlf: 91 16 57 03 eller adm. dir. Randi Marie Sjøholt tlf: 95 23 58 74

Søknadsfrist: 13. februar 2026. 

 

Om oss

Bedriftshelse1 er ei offentleg godkjend bedriftshelseteneste som leverer førebyggande tenester innan helse, miljø og sikkerheit. Vi er eit tverrfagleg team på 56 medarbeidarar, med brei erfaring og eit godt renommé.

Vi har god bransjekunnskap og legg vekt på fagleg oppdatering og utvikling. Med 12 bemanna kontor er Bedriftshelse1 den største lokalt forankra bedriftshelsetenesta på Vestlandet.

Meir om oss

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

https://www.gasta.no/
Neste
Neste

Kvinnehelse i arbeidslivet – kvifor angår det oss alle?