Sjukefråværsoppfølging: Kva gjer ein når sjukefråværet inntreff?

Sjekk gjerne først kor mykje sjukefråværet kostar di bedrift.


Det er utvilsamt slik at det å jobbe med førebyggjande arbeid er det mest lønnsame og effektive når det kjem til sjukefråvær, men veit du kva du skal gjere når det først skjer?

Vi i Bedriftshelse1 støttar medeigarane våre i sjukefråværsoppfølging for å sikre gode rutinar når det kjem til sjukefråværsoppfølging. Vi jobbar saman for å sikre at sjukefråværet blir så smertefritt og kort som råd for å redusere påkjenning for den som er sjukemeld og for bedrifta.

Som arbeidsgivar har ein, ifølge NAV, ei plikt til å tilrettelegge arbeidet så godt som råd. Det handlar om å finne løysingane som hindrar langtids sjukefråvær.

Oppfølgingsplan

Ein god oppfølgingsplan er viktig for å sikre ein god prosess, og at ein hindrar unødvendig langt sjukefråvær på grunn av manglande plan- og oppfølgingstiltak. Det er pålagt å lage oppfølgingsplan for sjukemelde, med mindre det er openbart unødvendig. Oppfølgingsplanen, som må være godkjend av arbeidstakar, skal være klar innan den 4. veka av sjukemeldinga og hjelpe partane med:

  • Å starte dialog mellom arbeidsgivar og den sjukemelde arbeidstakar tidleg

  • Vurdere tiltak og moglegheiter for å komme raskt tilbake til arbeid

  • Formidle viktig informasjon til den sjukemelde, NAV og andre støttespelarar, slik som BHT

  • Komme i kontakt med dei rette instansane om det er behov for bistand.

Etter arbeidsmiljølova skal oppfølgingsplanen innehalde ei vurdering av arbeidsoppgåver og arbeidsevne. Bedriftshelse1 vil då gå inn og ta ein funksjonsvurdering for å finne ut om ein kan gjere endringar i arbeidsrutinar og arbeidsoppgåver, som fører til at ein kan redusere tida den tilsette er i sjukemelding.

Vi bidreg òg i utforminga av oppfølgingsplanen. Om ein ser at ein tilsett står i fare for å bli sjukemeld vil vi kunne gjere denne vurderinga for å førebyggje at den tilsette i det heile teke blir sjukemeld.

Pålagde aktivitetar under sjukefråværsoppfølginga

Dei pålagte aktivitetane ein som arbeidsgjevar må gjere under sjukefråværsoppfølginga er dette:

  1. Innan veke 4 skal arbeidsgivar ha teke initiativ til å utarbeide ein oppfølgingsplan

  2. Innan veke 7 skal arbeidsgivar kalle inn til dialogmøte 1. I slike møter vil bedriftshelsetenesta har moglegheit til å komme inn som ein nøytral 3. part for å forsikre at slike møte ikkje forsterkar allereie pressande problem.

  3. I veke 8 skal NAV og arbeidsgivar vurdere om arbeidstakar kan være delvis i arbeid, eventuelt om ein treng tilrettelegging på arbeidsplassen. Gjennom prosessen vil BHT bistå med å samarbeide med NAV og NAV arbeidslivssenter for å sikre eit godt samarbeid mellom partane, og for å unngå at arbeidsgivar skal bruke unødvendig tid på administrative oppgåver knytt til sjukemeldinga.

  4. Etter 6 månader vil NAV kalle inn til dialogmøte 2 med arbeidsgivar og arbeidstakar.

Mange bedrifter gløymer ofte den kostnaden som er ved å ha tilsette i sjukemelding, og ser på oppfølgingsplanen som noko tidkrevjande utan meining. Vi i Bedriftshelse1 er inne for å sikre at planen er god. Om ein ikkje tek oppfølginga på alvor, kan sjukemeldinga bli svært kostbar for bedrifta. I reine utgifter kostar det rundt 15 tusen i veka, men det å ha folk i sjukemelding er ei påkjenning på heile bedrifta og dei tilsette. 

Så det å bruke to timar ekstra av dagen din på å lage ein god oppfølgingsplan kan spare deg betydeleg med ressursar i framtida, og være positivt for dei med-tilsette.

Få hjelp til sjukefråværsoppfølging - ta kontakt med Bedriftshelse1 


BloggGasta Design