Sogndalskontoret har flytta til nye lokale på Fosshaugane Campus

Bedriftshelse1 i Sogndal har flytta til nye lokale på Fosshaugane Campus. Du finn oss no hos Campus Helse, i etasjen rett ovanfor idrettssenteret.

Parkerer du i parkeringskjellaren Phus Lines, kjem du opp ved døra til venstre. Derifrå kan du gå rett inn døra til høgre for å kome til venterommet vårt.

Slik finn du fram

Dersom du kjem med bil, er det enklast å køyre inn ved Ingafossen og vidare ned til parkeringshuset.

Køyr gjennom den første parkeringskjellaren, og ta deretter neste avkøyring til høgre inn i parkeringskjellaren merka Phus Lines. Herfrå kan du ta trappa eller heisen opp til 1. etasje.

Når du kjem opp frå parkeringskjellaren, kjem du ut ved døra til venstre (sjå biletet →). Døra inn til Bedriftshelse1 er markert på biletet. Gå inn denne døra for å kome til venterommet vårt og lokala våre.

Du kan òg nytte Campus sitt eige kart for å gjere deg kjend med området og finne fram til oss: Mazemap-kart over Fosshaugane Campus.

Vi gler oss til å ta imot deg

Vi gler oss over å kunne ønskje kundar og samarbeidspartnarar velkomne til dei nye lokala våre. Samstundes er vi klar over at det kan vere litt utfordrande å finne fram no i starten, sidan skiltinga framleis er under oppdatering.

Vi beklagar dette og takkar for forståinga og tolmodet medan vi får alt på plass. Det vil kome betre skilting etter kvart.

Har du spørsmål eller treng hjelp til å finne fram, er du velkomen til å ta kontakt med oss.

Tlf: 57 67 90 60

Neste
Neste

Velkommen til HMS-dagen på Voss 4. november